mandag 10. juli 2017

Feriestrikk

Me har hatt ein fantastisk tur til nordnorge i sommar, var på reis i 3 veker.
Det blei både Lofoten og Senja før me vende nasen sørover igjen.
Sjølvsagt hadde eg strikketøyet med. Eg hadde utstyrt meg godt,
kunne ikkje risikera å gå tom!

Dette sjalet, Serenity, starta eg på 
på turen til Praha ei veke før me reiste nordover.
Då blei det ikkje strikka mykje, men det blei ferdig på denne turen.
Eg har gjort min eigen vri på det.
Garnet har eg farga sjølv, eit Arwetta hespe som er med prikker i blått og grått,
og eit som er einsfarga grått. 




Det blei strikking i bilen og. Me hadde ein høg og god bil og då gjekk det godt.
Det måtte bli noko enkelt med bare rettstrikk, så det blei 6 klutar.


Etter sjalet var ferdig, starta eg på ein barnegenser.
Mønsteret er Flax Light, eit gratismønster på Raverly.
Den er eg kome godt i gang med.


Mønster: Serenity, Rachel Booker
Arwetta, selvfarga, 78 gr
Pinne 4

Bomullsgarn, Pandora og Mor Aase, 306 gr

*

På Senja var me på eit lite marked. 
Der fann eg eit par strikka hansker i Senjamønster med Senjagarn,
så dei bare måtte eg ha. Det var den einaste souverniren eg kjøpte meg.
Ikkje blei det mykje garn heller, kun ein garnbutikk var me innom
og det var på Husfliden på Røros.
Der fann eg nokre nøster forsterkningsgarn til sokkar.





*

Naturen nordover er heilt fantastisk og det blei knipsa mange bilder.
Spesielt fjella og dei kvite strendene er flotte, og det blomstra så flott overalt.
Det var gule teppe av Tiriltunga langs vegkanten
 og i Lofoten blomstra rognebærtrea overalt, til og med i hagane.
Men det var ikkje store tre slik som her, det var meir tette busker.
Svært få gardar blei drivne lengre og det var blomstene 
som hadde teke over på ekrene, det er ei trist utvikling, men eit flott syn!

Tiriltunge

Rognebær
Smørblomst på ekrene innover langs fjorden.




*

Vividteppe mitt har eg endeleg fått sydd saman, men det får koma i neste blogg.

Fortsatt god sommar til dokke som er innom her!






2 kommentarer:

  1. Grådig mykje fint å sjå i bloggen din i dag. Frå lekkert sjal til vakker natur. Eg får både for reiselyst og strikkedilla. Ha fin sommar vidare du med. Tenker det blir litt på hytta då framover??! Kosa deg!

    SvarSlett