onsdag 3. mai 2017

Vestlandsskjørt

Eg fekk eit ønskje om eit strikka skjørt fra eine dattera.
Det er kjekt å strikka noko du veit dei vil like, og eg satte i gang.
Det var påskestrikket mitt, men som de kanskje har sett
så klarte eg å strikka skjørtet uten å auka.
Det var nesten ferdig då eg oppdaga det. 
Hadde heile tida sett på det blei så smalt, men såg eg korfor, nei....
Ja ja, då var det bare ein ting å gjera, eg rekte opp nesten heile skjørtet.
Det var eit mønster som var seint å strikka , men det blei fint.
Nå har eg strikka det ferdig, trur eg.
Eg har ikkje kutta tråden, vil sjå om lengden er passe fyrst.



Mønster, Vestlandsskjørt
Sandnes Merino, 
Pinne 3,5 og 4
*

Eit prosjekt eg fekk bestilling på er og ferdig, 
men det er hemmeleg. Kanskje dokke får sjå seinare...

Endeleg fekk me vår og varmare vær, 
det er så herleg å kunna sitja ute med strikketøyet.
Søndag gjekk me på topptur til Barkåsen,
der hadde me utsikt mot der me har hytta, den ligg på neset til høgre.


Ønsker dokke fine vårdagar!





2 kommentarer:

  1. Skjørtet er lekkert! Du er nå tolmodig, men må vell være det når ein skal levere bra vare??!! :) Nyter dagane eg og nå! Flott utsikt.

    SvarSlett
  2. Lekkert skjørt, ja av og til må det opprekking til. Godt du er kommen i mål no.

    Flott plass de har hytte, der er det godt å vera.

    SvarSlett