torsdag 30. mai 2013

Jacques Cousteau luer

 Desse huene er enkle og kjekke å strikka. 
Fellinga gjorde eg ein vri på, såg Litapita sin felling og den var finere.
Oppskrifta fant eg på Raverly og den er gratis.
Den mørkeste blå er mest lik, den er i Merino ekstra fine.
Har ikkje brukt det garnet så mykje,  det er ikkje så lett å få tak i her omkring.
Det er fare for at Merino kan bli ein favoritt, 
det var lett å få det jevnt og fint og det er mjukt og godt.



Den grå hua strikka eg i dag. Måtte ha noko lett med på reis, var ein tur i byen.
På ferjaturane og venterom strikka eg halve hua, resten blei ferdig i kveld.
 Denne er i Silja garn, det er ikkje så lett å få det jevnt med det garnet.


I dag kom ein pose med garn eg hadde bestilt, har planar om å strikka meg ein jakke.
Det skal med på hytta i morgen, 
så får me sjå om eg klarer å tyda den engelske oppskrifta.
Det er ein utfordring og det blir spennande om eg får det til.

God helg!

Mønster, Jacques Costeau
Merino ekstra fine, 77 gr
Silja, 54 gr
pinne 3,5

mandag 27. mai 2013

From dawn till dusk

Det måtte bli eit sjal av det lekre nøstet eg fekk av Ginko.
Mønster har eg leita etter, grubla på og studert,
og i helga satte eg i gang med "From dawn till dusk".
Eg strikka ei smalare utgave for å få det passeleg langt.
Det blei ganske bra ;)





Fargen var ikkje lett å få rett, men det nederste blir det beste.
Tenk å vera eigar av eit handspunne garn, det er stas!
Ginko er så flink og ho har spunne dette av shetlandsull.

Det har ikkje blitt så mykje ferdig her i det siste.
Eg strikker på eit teppe som skal bli basargevinst.
Har god tid på det, men det er greit å få det ferdig. 

Då snuppa vår var på besøk, strikka eg eit pannebånd til henne.
Det er godt å ha på øyrene når det blir for varmt for hua.
Fargen er lys lyng.

Me har hatt ei flott helg og me har helst budd ute, deileg med sol og fint vær.
Lørdag fekk me klyppa og tynna i ripsbuskane, 
var fleire år sida sist. Nå er det håp om god avling ;)
Me har hatt overnatting-besøk av tre guttar og,
så det har vore ei aktiv helg her, kjempekjekt!

Ønsker alle ei fin og solrik veke!

Mønster: From dawn till dusk 
Handspunne shetlandsgarn, 118 gr
pinne nr 4

Mønster pannebånd: Eige
Drops merino ekstra fine, 21 gr
pinne 3,5




tirsdag 14. mai 2013

Maluka og Marius

På turen til Trondheim hadde eg Maluka som reisestrikk, 
og det har vore ferdig ei stund.
Det er strikka i Nordlys, og eg synes det blei friskt og fint i det fargerike garnet.
Borda strikka eg ein halv gang til så lang, for eg vil bruka det som skjerf.
Det var ei som tipsa meg om at det var lurt 
å strikka rillestrikk i stadenfor glattstrikk fra borda og inn,
for med glattstrikk rulla kanten seg.
Og slik blei Malukaen min :)




I dag blir eit barnebarn 4 år, og då fekk han blant anna denne vesten.
Fargane blei feil på bilde, det skal vera mørkeblå og lysblå, men dette ser grått ut.
Det er faktisk første sprett for meg med marius mønster,
 synes det er finast i to fargar.
Gutten hadde ikkje tid å prøva vesten, 
eg må venta i spenning ennå ei stund om den passer.
Planen er at han skal ha den på 17. mai.





Mønster: MALUKA
Viking Nordlys, 97 gr
pinne 4

Mønster: Marius 
Drops alpakka, 116 gr
pinne 2,5 og 3

tirsdag 7. mai 2013

Årsteppetreff

Det blei ein fantastisk flott tur i helga!
Alle som hadde vore med på alongen og strikka årsteppe blei invitert til Litapita,
snakk om gjestfrihet! Ho hadde organisert alt og me kunne komma til "dekka bord".
Ni damer samlast i Trondheim, og det var veldig kjekt å treffast.


Lørdag blei det ein runde i garnbutikkane. 
Eg falt for eit deilig og mjukt garn, SKY fra "Du stor alpakka",
nokre nøster Merino og alpakkagarn blei og med heim i kofferten.

Det som er den største skatten, er eit nøste eg fekk av Ginko.
Det har ho spunne sjølv av shetlandsgarn, så det var ekstra stas :)) 
Fargane er så fine og nøstet ligg framme så eg kan nyte synet.

Eit nøste Harmony garn i nydelege pastellfarger fekk eg og av ei snill dame :)
Eg kan ikkje leggja dei vekk ennå, det blir mykje kjenne på, klappe og kose....


  

Seks av damene hadde teppene med seg.
Sjølv om alle har strikka like lapper, er dei veldig forskjellige.
Ulike fargar og forskjellige måter å sette lappane samen på, gjer at det blir unike tepper.


Søndag reiste me ein tur til Selbu der me var på museum.


Det var kjekt å høyra selbuvotten sin historie og imponerande å sjå gamle,
flotte selbuvotter strikka med syltynne pinnar, heilt ned i pinne nr 1.


Ei stor samling grytekluter var der, eg har aldri sett så mange samla på ein plass!
Dette er bare ein del av dei.


Turen blei avslutta med ein herleg middag på Selbusjøen Gjestegård.

Me fekk til og med fint vær med strålande sol heile helga.
Denne turen kjem eg til å leva lenge på.

Tusen takk Litapita og Margrete for eit kjempeflott årsteppetreff!











mandag 29. april 2013

Softis-luer

Desse softis-luene falt eg for.
Dei er veldig elastiske og kan brukast lenge.
To mormorjenter skal få kvar si hua :)
Den eine er strikka i Freestyle og Merino.



Det var ikkje lett å ta fine bilder av huene uten et hode å kle dei på ;)
Den andre hua er i pt 5.



Oppskrifta fant eg i "Bloggen for HobbyMegHer/MonAmi"

Garn: Dale Freestyle, Drops Merino: 75 gr
Pinne nr 4,5

pt 5: 55 gr
pinne nr 3,5




fredag 26. april 2013

Småstrikk

Det er det eg driver med for tida, småstrikk.
Eit dokkesett til minste dokka eg har.
 Dokka er godt brukt og det er den jentene liker best å leka med.
Den har nesten ikkje klær, og då må eg gjera noko med det ;)



Eit par grytekluter har eg og strikka, det blir den sorten eg liker å bruka.
Mannen seier det er dei beste, dei er tjukke og gode.


Småstrikk kan vera så mangt. Sjekk denne linken
Så smått kan ikkje eg strikka, er imponert over at det går an!!

I dag var eg på matbutikken og handla og måtte bort i hylla for garn,
dei har forskjellig Viking-garn.
Eg bare måtte ha desse to nøstene. 
Nesten alle mine farger er
 samla i same nøste! Fine??? Det heiter Nordlys.
Rette farger er litt mørkere og djupare.


God helg!


Babyull, 35 gr
Pinne 3

Bommull sport, 119 gr
pinne 3,5









fredag 19. april 2013

Veka som gjekk...

Frå tysdag til i dag har eg og ei venninne vore på hytta.
Me har hatt det herleg med god mat, handarbeid og god prat.
Ein dag var været så fint at me gjekk ein tur,
og sanneleg fekk me sjå at våren er på gang.




Eg kan ikkje visa til mykje ferdig arbeid, sjølv om fingrane gjekk trutt.
Eit teppe som eg starta på lenge sida fekk nokre fleire ruter og
hardangerløperen blei klar til utklypping. 
Men ei cupcake-lue blei då ferdig.
Lillesnuppa på 6 mnd (les mora) hadde ønska seg den,
og då er ikkje mormor sein å be ;)


I dag kom eg heim til ein kjekk pakke,
mannen hadde vore så snill og henta den på posten i dag.
GA Strikkedesign på Ålgård skal slutta av og sel ut alt til ei bra pris.
Det kunne eg ikkje stå imot, og Smart er eit garn eg liker :)


Takk til alle som besøker bloggen min, 
ser at det er over 2000 som har vore innom, kjempebra :)
Ha ei god helg!


Mønster: Fra bloggen "Hanne`s kaker"
Garn: pt 5
Pinne nr 3,5
Vekt: 45 gr