Desse huene er enkle og kjekke å strikka.
Fellinga gjorde eg ein vri på, såg Litapita sin felling og den var finere.
Oppskrifta fant eg på Raverly og den er gratis.
Den mørkeste blå er mest lik, den er i Merino ekstra fine.
Har ikkje brukt det garnet så mykje, det er ikkje så lett å få tak i her omkring.
Det er fare for at Merino kan bli ein favoritt,
det var lett å få det jevnt og fint og det er mjukt og godt.
Den grå hua strikka eg i dag. Måtte ha noko lett med på reis, var ein tur i byen.
På ferjaturane og venterom strikka eg halve hua, resten blei ferdig i kveld.
Denne er i Silja garn, det er ikkje så lett å få det jevnt med det garnet.
I dag kom ein pose med garn eg hadde bestilt, har planar om å strikka meg ein jakke.
Det skal med på hytta i morgen,
så får me sjå om eg klarer å tyda den engelske oppskrifta.
Det er ein utfordring og det blir spennande om eg får det til.
God helg!
Mønster, Jacques Costeau
Merino ekstra fine, 77 gr
Silja, 54 gr
pinne 3,5
Barske luer detta!! Eg og likar Drops Merino. Ikkje klør det heller, så fint å bruka til både born og vaksne. Kose deg på hytta!
SvarSlettJa, dette er en kjekk lueoppskrift. Har strikket noen stykker jeg også :-)etter inspirasjon fra Litapita sine.
SvarSlettKos deg i helgen, - spennende med jakka.