lørdag 24. november 2012

Det har vore travle tider i det siste,
så eg får ikkje strikka så mykje som eg ville.
Men ei ullbukse til barnebarnet har eg fått ferdig.
Fargen på mønsteret er i lilla og rosa, ikkje lett å få rett på bilde.
 
 
Nå har eg begynt på genseren, og den må vera ferdig til neste helg.
Snuppå blir 3 år den 1. des. og då reiser me i bursdags-selskap.
Settet med genser og bukse blir ein del av presangen.
 
Seinare i dag får me besøk av to barnebarn, Chris og Søster.
Dei skal liggja over til i morgon, det blir koseleg :)
 
Ei god helg til dokke som er innom her!

mandag 19. november 2012

Messe og bursdagshelg

Det har vore ei travel og kjekke helg.
Julemessa gjekk veldig godt.
 Det var masse folk, heilt fullt,
og me selde mykje bedre enn i fjor, kjempekjekt!
 
I går hadde me heile familien på middag, me var 15 stk.
Mannen laga kalkun, det er livretten til dei fleste og me spiste godt.
Det er så mange (5stk) som har bursdag i november,
så me slo det samen og feira alle.
I dag er det eit barnebarn som blir 4 år.
 
 
 
På forumet Garnglede er det ein adventsalong,
der var det nokon søte små stjerner og snøstjerner eg måtte prøve.
Dei var kjappe å hekle, og eg fekk brukt litt restegarn.
Det var ikkje lett å få godt bilde av dei.
 
 
Nå er det litt større ting på pinnene,
skal strikke til et barnebarn som har bursdag om to veker.
Eg har ennå ikkje fått strikka lappene til årsteppe denne måned,
og det må vente litt til.
Kjenner det klør i fingrene, har så lyst å prøve stjernestrikk!
 
Tusen takk til dokke som er innom og skriv koselege kommentarer,
alltid kjekt å lesa :))
 
 


mandag 12. november 2012

Siste innspurt

 Då er dei siste arbeida til julemessa ferdige.
I morgon skal me sette priser på dei,
og det er ikkje lett!
Men me held oss i den billigaste enden,
synes det er bedre å få seld varene.
 
Mannen min og eg var fire dager på hytta i sist veke.
Det er nermere jobben til mannen for tida,
så då kunne me bu på hytta.
Me har laga oss bad med dusj der inne,
og nå blei det heilt ferdig.
Det er så herleg å få ta seg ein dusj og varmt vatn til oppvasken er og topp!
 
Det var innevær dei fire dagane, så då gjekk strikkepinnane ;)
To store par sokker til herre og eit par til barn,
eit par pulsvarmere og to engler blei det.
I dag har eg pynta 7 engler, så då er alt klart.
 
 

 
 
 
 
 
Då håper eg at salget går godt, det er alltid spennande.
 
Den mellomste dattera vår har bursdag på onsdag,
ho blir 32 år.
 Ja, barna begynner å bli godt voksne!
Nå skal eg setta meg til å hekle 2 lyslykter til henne,
trur kanskje eg lager eit par til meg sjølv og ;)
 
 
 
 
 
 

tirsdag 6. november 2012

Lyslykter

Nå for tida handler det bare om julemessa,
det er siste innspurt då den går av stabelen  16. og 17. nov.
Fleire foreninger går saman
og lager til ei stor julemesse til inntekt for misjonen.
Der selger me heimebaka lefser, kråtekaker og småkaker,
grønsaker og frukt, bøker og masse handarbeid.
Det er basar med mange flotte gevister.
Ei mannsforening lager gevinster i tre,
i år har dei blant anna laga ei lekehytte.
Og det er og åresalg med trekning av mindre gevinster.
 
Eg putler på med nokre småting.
Det går mot advent med raske skritt,
så då måtte det bli lyslykter i lilla ;)
 
 
 
Eg har laga nokre lyslykter tidlegare og,
legg inn bilder av dei her.
 
 
 
 
 
Eg liker å Bruke Bomull Sport garnet.
Det er blankt og fint til lykter.
Eg har ingen oppskrift, dei er hekla etter mitt eget hode.
Starter i bunnen med fastmasker i bakre lmbue,
og fortsetter oppover med stavgrupper.
Nå gjenstår det å sjå om dei feld i smak.
 
Ha ein fin dag!
 
 
 
 
 
 
 
 
 


søndag 4. november 2012

Småstrikk

Dei siste dagane har eg strikka votter og eit par huer.
Vottene er til 1-3 år og eg har brukt vestlandsgarn
og ullteppegarn.
 
 
 
Trur det får holda med votter nå.
Har og strikka ei Hello Kitty hua i dobbel babyull
og ei Lynet Mc Queen hua i eit ukjent ullgarn.
 
 
Nå skal eg snart på 4H fest, har to barnebarn som er med der.
Det er alltid kjekke festar dei lager til,
og det er flotte utstillinger ungane har.
Men eg har ikkje vore der sia ungane våre var med i 4H,
nå er på tide å vera med igjen.
 
God søndag!
 
 
 
 
 
 


onsdag 31. oktober 2012

Siste vekes handarbeid

I dag er det grått her, både ute og i hode mitt,
det har dunka heile dagen.
Får prøva å få til ein blogg med dei siste handarbeida mine.
Det er ikkje godt med den lyse skjermen,
synd me ikkje kan legga mørk bakgrunn på sida me skriv på og.
Det er grunnen til at eg har lagt mørk bakgrunn på sida mi,
tåler ikkje alltid så godt det sterke lyset på skjermen.
Men nok om det.
 
 
Sidan sist har eg strikka og tova nokre par votter og engler.
Vottene er i forskjellig garn,
embla, vestlandsgarn og dobbel ullteppegarn.
Det blei forskjellig resultat.
Vestlandsgarnet tova mest og blei hardere enn dei andre,
embla tova minst og blei mjuke og kanskje litt tynne.
Blei mest fornøgd med ullteppegarnet.
Men eg har ein del vestlandsgarn liggande,
får prøva å tova dei litt lettare.
 
 
 
I barnehagen på Nedstrand anbefaler dei å bruka tova votter til barna.
Dei er ikkje så klumpete i bruk og dei held seg tørre inni og er varme.
 
Eg har og laga nokre engler.
Dei er uten pynt ennå, men det kjem.
Har tenkt å sy på perler rundt hode.
 
 
Og ei hals har eg strikka i Topp mohair.
Den er så lang at den kan trekkast over hode.
 
 
 
 
Da vil eg ønska dokke alle ein god dag :)
 
 
 
 


tirsdag 23. oktober 2012

Helga gjekk fort.

Og me hadde det så koseleg hos dattera vår og familien.
Babyen var så skjønne og storsøster var veldig kry :)
Sjølvsagt hadde me fine blomster med til dei, bamse vil og gi ei rose ;)
 
 
 
Babyposen blei godt mottatt, og mens me var der,
strikka eg votter og hua i same mønster.
 
 
Nå må eg begynna og tenke på julemessa for alvor.
Den skal vera den 16. og 17. nov,
så det er ikkje mange vekene igjen.
To huer har eg fått til, og då har eg tenkt på guttane.
 
 
 
Dei er strikka i Trysilgarn.
Den med traktorer er i str 3-5 år og den stripete 10-12 år.
 
Takk til dokke som legg inn ein kommentar på bloggen min,
det er kjekt å lesa :)