Det har vore travle tider i det siste,
så eg får ikkje strikka så mykje som eg ville.
Men ei ullbukse til barnebarnet har eg fått ferdig.
Fargen på mønsteret er i lilla og rosa, ikkje lett å få rett på bilde.
Nå har eg begynt på genseren, og den må vera ferdig til neste helg.
Snuppå blir 3 år den 1. des. og då reiser me i bursdags-selskap.
Settet med genser og bukse blir ein del av presangen.
Seinare i dag får me besøk av to barnebarn, Chris og Søster.
Dei skal liggja over til i morgon, det blir koseleg :)
Ei god helg til dokke som er innom her!
Nok en gang et nydelig arbeid fra deg!
SvarSlettUllbuksen hadde god linning i ribbstrikk og rosemønsteret nede pyntet så flott opp :D