onsdag 31. oktober 2012

Siste vekes handarbeid

I dag er det grått her, både ute og i hode mitt,
det har dunka heile dagen.
Får prøva å få til ein blogg med dei siste handarbeida mine.
Det er ikkje godt med den lyse skjermen,
synd me ikkje kan legga mørk bakgrunn på sida me skriv på og.
Det er grunnen til at eg har lagt mørk bakgrunn på sida mi,
tåler ikkje alltid så godt det sterke lyset på skjermen.
Men nok om det.
 
 
Sidan sist har eg strikka og tova nokre par votter og engler.
Vottene er i forskjellig garn,
embla, vestlandsgarn og dobbel ullteppegarn.
Det blei forskjellig resultat.
Vestlandsgarnet tova mest og blei hardere enn dei andre,
embla tova minst og blei mjuke og kanskje litt tynne.
Blei mest fornøgd med ullteppegarnet.
Men eg har ein del vestlandsgarn liggande,
får prøva å tova dei litt lettare.
 
 
 
I barnehagen på Nedstrand anbefaler dei å bruka tova votter til barna.
Dei er ikkje så klumpete i bruk og dei held seg tørre inni og er varme.
 
Eg har og laga nokre engler.
Dei er uten pynt ennå, men det kjem.
Har tenkt å sy på perler rundt hode.
 
 
Og ei hals har eg strikka i Topp mohair.
Den er så lang at den kan trekkast over hode.
 
 
 
 
Da vil eg ønska dokke alle ein god dag :)
 
 
 
 


2 kommentarer:

  1. Fine ting du har laga! Kan vera så enig med barnehagen på Nedstrand: Ingen ting er som gode tovevottar i leiken. Godt grep, gode og varme.... og det sjølv om dei vert litt våte!

    SvarSlett
  2. Så nydelige votter!
    Tovete votter er jo bare helt super på sure, kalde dager.
    Skjønne engler og veldig kjekk hals.

    SvarSlett