torsdag 20. juni 2013

Ny trend?

Me lurer faktisk på om me skal innføra ein ny trend innen juletre.
Kva med eit brunt tre i år.... he he??



Ja, slik ser store deler av feltet vårt ut, triste greier!
Alt me planta i fjor, fleire tusen planter er og gått dukken.

Då er det kjekkare å kvila augene på blomsterbedet,
sjølv om fleire rosetre og vintergrøne busker og har frose.
Rododendronen på bilde har mista bladene og blomstrer på bare greiner.
Det har vore ein tøff vinter!


I går fekk eg ein nydeleg bukett med peoner av min mann.
Me har vore gift i 37 gode år :)


I dag har eg laga rabarbrasuppe, det er så godt!
Eg deler gjerne oppskrifta, det blir ca 4 liter ferdig suppe.
Den held seg lenge i kjøleskapet, men her får den fort bein å gå på ;))

1 kg rabarbra - skrelles
2,5 l vatn
Kokes til rabarbraen er mør.
Hvis du vil ha litt farge på suppa, ha i litt rød saft.
Ha i
5-6 dl sukker - smak til
Lag jevning av
1 dl potetmel og litt vatn,
rør den i suppa og gi eit lite oppkok.
Me synes suppa er best kald.


Kos deg :)






mandag 17. juni 2013

Selje - Goat Willow

Klut-strikking er eit greit arbeid på varme sommerdager.
Ikkje det at det har vore så varmt,
men i gruppa til Bittami, eller Bitta Mikkelborg, på facebook (Bittamis Design for strikkelystne)
er det lagt ut mønster på klut designa av henne. 
Det er gratis mønster, og ho legg ut eit i veka i fem veker framover.
Det er bare å melde seg inn i gruppa eller gå til gruppa hennes på Raverly
dersom du er interressert.
Dette mønsteret heiter Goat Willow (Selje- eg liker best det norske navnet ;)
Det er kjekt med nye mønstre på kluter, eg liker strikkakluter på kjøkkenet.

 

Jakken min går det framover med, eller nedover ;)
Det var det som blei ei utfordring med engelsk mønster.
Begynte i halsen og strikker nedover, og starten er kraven.
Det var bare å utstyre seg med ordliste og det gjekk ganske greit.
Ein feil har eg gjordt, men det var bare ein fordel fant eg ut.
I staden for ei flette nedover ryggen tok eg to, 
og då blei den akkurat passe over ryggen.
Ser at mønsteret er små i størrelsen, så det var flaks!
Du skal få ein liten titt her, så kjem resten når den er ferdig.


I dag har eg vore på koseleg besøk hos ei dame,
og strikketøyet var med.
 Me sat ute på terrassen og kosa oss i sola, deilig!

Takk for du ser innom her, ønsker deg ei fin veke :))


Mønster: Bitta Mikkelborg
Garn: Mor Aase bomull, 47 gr
Pinne nr. 3



onsdag 5. juni 2013

Litt skryt :))

Ja, i dag vil eg skryta av to kjekke damer ;)
Eg nytta meg av maisalget, og handla nokre nøster hos "To Damer",
Dersom ein handler for over 300 kr, sender dei det fraktfritt!
Det er ikkje vanskeleg å komma opp i den summen....;)
Då pakka mi kom på fredag, fant eg eit nøste eg ikkje kunne huska eg hadde bestilt.
Eg stussa litt og sjekka pakkseddelen,
og der stod det at siden eg hadde venta nokre dagar ekstra,
skulle eg få eit nøsta av det nye Alpakka-Silke garnet frå Sandnes.
 Garnet kjennes deileg ut, er mjukt og godt. 
Kjempeflott! Der kan man handle fleire ganger :))


Det var så fint vær her i dag, og eg gjekk ein tur i skogen.
Der blomstrer skogstjerna og skogsfiolen,
dei er så fine.



Blåbæra blomstra og, det er håp om at det blir bær i år.


Kvitveisen syng på siste verset, men dei lyser opp her og der ennå.


Kom over ein liten og fin blomst, vet ikkje navnet på den.
Det blei uklart, men tar det med.


Det er ikkje noko ferdig av handarbeid denne gang.
Eg er begynt på ein jakke, og er spent på om eg får den passe.
Oppskrifta er på engelsk, så eg studerer og leser om og om igjen, he he!
Har gjordt ein feil, men det gjer ikkje noko for jakken.
Nå skal eg strikka videre, ha ein fin kveld!











torsdag 30. mai 2013

Jacques Cousteau luer

 Desse huene er enkle og kjekke å strikka. 
Fellinga gjorde eg ein vri på, såg Litapita sin felling og den var finere.
Oppskrifta fant eg på Raverly og den er gratis.
Den mørkeste blå er mest lik, den er i Merino ekstra fine.
Har ikkje brukt det garnet så mykje,  det er ikkje så lett å få tak i her omkring.
Det er fare for at Merino kan bli ein favoritt, 
det var lett å få det jevnt og fint og det er mjukt og godt.



Den grå hua strikka eg i dag. Måtte ha noko lett med på reis, var ein tur i byen.
På ferjaturane og venterom strikka eg halve hua, resten blei ferdig i kveld.
 Denne er i Silja garn, det er ikkje så lett å få det jevnt med det garnet.


I dag kom ein pose med garn eg hadde bestilt, har planar om å strikka meg ein jakke.
Det skal med på hytta i morgen, 
så får me sjå om eg klarer å tyda den engelske oppskrifta.
Det er ein utfordring og det blir spennande om eg får det til.

God helg!

Mønster, Jacques Costeau
Merino ekstra fine, 77 gr
Silja, 54 gr
pinne 3,5

mandag 27. mai 2013

From dawn till dusk

Det måtte bli eit sjal av det lekre nøstet eg fekk av Ginko.
Mønster har eg leita etter, grubla på og studert,
og i helga satte eg i gang med "From dawn till dusk".
Eg strikka ei smalare utgave for å få det passeleg langt.
Det blei ganske bra ;)





Fargen var ikkje lett å få rett, men det nederste blir det beste.
Tenk å vera eigar av eit handspunne garn, det er stas!
Ginko er så flink og ho har spunne dette av shetlandsull.

Det har ikkje blitt så mykje ferdig her i det siste.
Eg strikker på eit teppe som skal bli basargevinst.
Har god tid på det, men det er greit å få det ferdig. 

Då snuppa vår var på besøk, strikka eg eit pannebånd til henne.
Det er godt å ha på øyrene når det blir for varmt for hua.
Fargen er lys lyng.

Me har hatt ei flott helg og me har helst budd ute, deileg med sol og fint vær.
Lørdag fekk me klyppa og tynna i ripsbuskane, 
var fleire år sida sist. Nå er det håp om god avling ;)
Me har hatt overnatting-besøk av tre guttar og,
så det har vore ei aktiv helg her, kjempekjekt!

Ønsker alle ei fin og solrik veke!

Mønster: From dawn till dusk 
Handspunne shetlandsgarn, 118 gr
pinne nr 4

Mønster pannebånd: Eige
Drops merino ekstra fine, 21 gr
pinne 3,5




tirsdag 14. mai 2013

Maluka og Marius

På turen til Trondheim hadde eg Maluka som reisestrikk, 
og det har vore ferdig ei stund.
Det er strikka i Nordlys, og eg synes det blei friskt og fint i det fargerike garnet.
Borda strikka eg ein halv gang til så lang, for eg vil bruka det som skjerf.
Det var ei som tipsa meg om at det var lurt 
å strikka rillestrikk i stadenfor glattstrikk fra borda og inn,
for med glattstrikk rulla kanten seg.
Og slik blei Malukaen min :)




I dag blir eit barnebarn 4 år, og då fekk han blant anna denne vesten.
Fargane blei feil på bilde, det skal vera mørkeblå og lysblå, men dette ser grått ut.
Det er faktisk første sprett for meg med marius mønster,
 synes det er finast i to fargar.
Gutten hadde ikkje tid å prøva vesten, 
eg må venta i spenning ennå ei stund om den passer.
Planen er at han skal ha den på 17. mai.





Mønster: MALUKA
Viking Nordlys, 97 gr
pinne 4

Mønster: Marius 
Drops alpakka, 116 gr
pinne 2,5 og 3

tirsdag 7. mai 2013

Årsteppetreff

Det blei ein fantastisk flott tur i helga!
Alle som hadde vore med på alongen og strikka årsteppe blei invitert til Litapita,
snakk om gjestfrihet! Ho hadde organisert alt og me kunne komma til "dekka bord".
Ni damer samlast i Trondheim, og det var veldig kjekt å treffast.


Lørdag blei det ein runde i garnbutikkane. 
Eg falt for eit deilig og mjukt garn, SKY fra "Du stor alpakka",
nokre nøster Merino og alpakkagarn blei og med heim i kofferten.

Det som er den største skatten, er eit nøste eg fekk av Ginko.
Det har ho spunne sjølv av shetlandsgarn, så det var ekstra stas :)) 
Fargane er så fine og nøstet ligg framme så eg kan nyte synet.

Eit nøste Harmony garn i nydelege pastellfarger fekk eg og av ei snill dame :)
Eg kan ikkje leggja dei vekk ennå, det blir mykje kjenne på, klappe og kose....


  

Seks av damene hadde teppene med seg.
Sjølv om alle har strikka like lapper, er dei veldig forskjellige.
Ulike fargar og forskjellige måter å sette lappane samen på, gjer at det blir unike tepper.


Søndag reiste me ein tur til Selbu der me var på museum.


Det var kjekt å høyra selbuvotten sin historie og imponerande å sjå gamle,
flotte selbuvotter strikka med syltynne pinnar, heilt ned i pinne nr 1.


Ei stor samling grytekluter var der, eg har aldri sett så mange samla på ein plass!
Dette er bare ein del av dei.


Turen blei avslutta med ein herleg middag på Selbusjøen Gjestegård.

Me fekk til og med fint vær med strålande sol heile helga.
Denne turen kjem eg til å leva lenge på.

Tusen takk Litapita og Margrete for eit kjempeflott årsteppetreff!