Det er veldig kjekt å farga garn,
og til sommaren får eg sjansen til å vera med på ei stor messe.
Eg får og ha garnet mitt for salg i ein butikk.
Nå held eg på med å strikka opp utstillingsmodeller.
Det kan vera greit å sjå dei forskjellige teknikkane i ferdige plagg.
Satser på barnestørrelser, genseren er ca 2 år og vesten er 2-3 år.
Flax Light genser
Merinoull, 58 gr
Pinne 2,5 og 3
Vest, Shetlandsull, 47 gr
Pinne 2,5 og3
Av garnet som barnebarnet farga, har eg strikka og tova votter til han.
Gutten liker farger, flott at han ville ha turkis og rosa!
Vottene blei fine med jevne striper.
Tova votter
Lammeull, 33 gr
*
Det er eit trist vær me har, våren er visst langt vekke.
I dag har me fått ca 10 cm snø, og det låg masse fra før.
Bra me har hytta ved sjøen, der vil me vera i påsken.
Ønsker alle ei god påske!
Så kjekt at du skal få selja garnet du fargar på ein god måte, håper dei fine modellane gjer at du får god omsetnad. Er så imponert over det flotte garnet du tryllar fram.
SvarSlettDåke må ha ei riktig god påske på den koselege hytto de har. Vi er på veg til Tyskland, reiser med "yr" som god støtte, håper våren kjem med varme både hos dåke og oss.
Eg liker så godt, farga garn - og ikkje minst det du har fått fram av det. Blir spennande å høyre meir om den messa. Riktig God Påske! ..med varmare dagar ?!
SvarSlett