søndag 27. november 2016

Siste innspurt

Siste dagane før julemessa sist helg, gjekk pinnane nesten varme.
Det gjekk i småting som var fort gjort.

Boblelua er eit kjekt mønster, strikka vridd rett i ribbestrikk denne gang.


 Halser til barn strikka eg 4 av, men to i rosa glømde eg å ta bilde av.
Hadde ingen oppskrift, strikka etter eige hode.


Ein kveld var eg på strikketreff.
Der var Kathrine Gregersen, forfatteren til Nøstebarnbøkene.
Ho kom med gode tips og var inspirerande å høyra på.
Masse fint strikk hadde ho med seg og.
Me fekk utdelt eit mønster på pulsvarmerer, dei strikka eg to par av.
Eg blei ikkje så fornøgd med dei. 
I alpakkagarn blei dei veldig ujevne, var litt bedre i ullgarn.


Ei venninne bestilte ein hals. 
Ho ville ha glidelås i den, men den skal ho sy i sjølv


Boblehua, Dale alpakka, 71 gr
Halser, Mohana, 122 gr
Hals, Viking alpakka, 91 gr
Pulsvarmere, 37 gr

                                         
 *

Elles er dagane travle for tida. Datter vår har starta eige blomsterutsalg.
På bestilling lager ho dekorasjoner og buketter til alle anledningar.
I går hadde ho ope hus og hadde laga masse fint til advent.
Desse kjekke nissane er populere.







Ønsker alle ei fin adventstid!



6 kommentarer:

  1. Flittig som alltid du, flotte ting lagar du og.

    Veldig spennande med dotter dåkas som har starta blomebutikk. Eg ønskjer ho riktig lukke til. Håper ho får god omsetjing no i desse juletider. Nissedekorasjonane såg herlige ut.

    SvarSlett
  2. Koselig å lesa adv.blogg frå deg. Har jobba i helga, og det er då så fint å kikka litt innom dei som ennå "gidder" blogge! Finfine bruksplagg du strikker og nydelege dekorasjonar dotter lager. Berre eit lite tips ang pulsvantene; viss du tar ei heklenål og drar dem sammen en og en, så får du ei slags v- på tvers (trur eg) Men, kansje litt jobb?

    SvarSlett
    Svar
    1. løkkene altså - litt dårlig formulert her!

      Slett
    2. Det hadde kanskje blitt finere. Eg har gjort som oppskrifta seier, og då skulle maska sleppes ned.

      Slett
  3. Veldig god hals med glidelås. Herlig strikking
    du har gjørt. Tenker meg boblelua sitter perfekt.
    Julemarkedet er så veldig fint og desember kommer mer
    og mer :-)) Så fint. Nisse med granbar er fantastisk.
    Jeg liker veldig. God adventstid deg og dine.
    Hilsen fra Viola

    SvarSlett
  4. Oi, her var masse flott, regner med at salget gikk strykende! :-)

    SvarSlett