torsdag 2. januar 2014

Hals og hue

Årets første strikk er beint fram til meg sjølv.
Det var godt med eit raskt arbeid etter kofta!
Garnet er ein gave, eit nydeleg garn, Mirasol Baby Lama.
Trur det er det mjukaste garn eg har vore borti!
Eg tåler ikkje ull så godt, men dette kjennest herleg ut.
Har sett på det mange ganger og fundert på kva eg skulle bruka det til.
Lenge har eg hatt lyst til å strikka meg ein hals som er tett om halsen,
som ikkje slepp til den kalde lufta.
Det passa godt å bruka dette mjuke garnet til det,
og halsen blei slik eg hadde tenkt.


Det blei akkurat nok til ei hua og, fekk nytta alt garnet.
Eg kler ikkje huer, men denne, "Lue i en fei", kan eg bruka.


Mønster hals, eget, 71 gr
Mønster: Lue i en fei, Ingrid`s design, 75 gr
Garn, Mirasol, Mistsi Baby Lama
Pinne nr 5

Ha ein fin kveld :)




4 kommentarer:

  1. Eit lekkert sett, du har strikka deg! Du finner alltid fram til så tiltalande mønstrar! Godt Nyttår til deg og !

    SvarSlett
  2. Så fint sett, er det garnet vi hadde med? I så fall er eg nysgjerrig på om det røyta mykje? Har ikkje strikka av det sjølv ser du.
    Håpar i alle fall du har hatt ei triveleg jul, og ein god start på det nye året!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det var garnet eg fekk av dokke. Det røyta ikkje og det var godt å strikka med, eg er fornøgd på alle vis :)
      Takk for gode ønsker! Har hatt ei god jul med heile familien :)

      Slett
  3. Mirasol har jeg ikke prøvd ennå, men virker som at det er et populært garn. Alltid så fine håndarbeider fra deg :) herlig!

    SvarSlett