lørdag 18. januar 2014

Holbrook Shawl

I det siste har det blitt slik eg ikkje liker,
fleire arbeid på ein gang.
I vente på å montere kofta (trong assistanse), starta eg på eit sjal.
Det var ikkje tv vennleg, så eg måtte ha noko lettvint på kvelden.
Med andre ord har eg hatt 3 arbeid på gang,
derfor er det ei stund sidan eg oppdaterte her.
Alt er ferdig nesten samtidig og me stater med sjalet.

Eg forelska meg heilt i Holbrook, fant det på Raverly.
Hadde lyst til å strikka eit sjal som gjekk beint over ryggen, 
og dette var midt i blinken!


Har lenge ønska meg eit sjal til å ha over finkjoler.
Dette blei eg veldig fornøgd med,
passe stort, nydeleg mønster og det ligg fint over skuldrene.



Garnet er Merilla fra Svarta Fåret, 70% merinoull og 40% akryl.
Det blei veldig ujevnt når eg strikka, håplaust å få det jevnt.
Eg satsa på det ville bedra seg når eg vætte det og blokka det ut, 
og det blei ganske bra.



Mønster: Holbrook Shawl, Dee O`Keefe
Garn, Merilla, Svarta Fåret, 42 gr
Pinne nr 3,5

*

Tv-strikket blei eit på sokkar til maen.
Det er det einaste han får, stakkar, men det er det han treng;)
Kanskje eg må gjera noko med det, 
men fyrst er det døtrene våre som skal få kofter.
Den fyrste er ferdig, mangler bare knappar. Det skal eg fiksa nå.



Garn, Robust,
Pinne 3,5


Ha ei god helg!

Takk til dokke som legg igjen ei helsing, det setter eg pris på :))





1 kommentar:

  1. Du så lekkert detta sjalet var då!!! Det må du bruka med ære og stolthet! Sokkar er jo eit must for arbeidskara. Og- kvinnfolk- er heilt avhengig av ull-lobber sjølv eg! Heldige døtre som får kofter av mor. Skal bli kjekt å sjå neste blogg!

    SvarSlett