torsdag 26. desember 2013

Hjerte-mysterie

Me har hatt (og har) ei god jul. 
Heile familien, 23 stk, var samla på julafta, kjempekjekt!
Masse god mat og flotte presanger fekk me.
Eg må visa dokke det eg fekk av eine dattera, ho veit kva mora liker ;)



Eit nydeleg etui med 4 kabler og 8 forskjellige pinner.
Det blir spennande om dei er god i bruk!

*

Strikking har det blitt lite av i jula,
men eit mysterie har eg vore med på.
Del 3 blei eit fint hjerte. Det einaste eg kunne tenkt å forandre,
var å laga hjertebuen litt rundere, den blei litt for spiss.
Eg strikka det i Baby bomull.



Gjestal Baby bomull, 11 gr
Pinne nr. 2,5

I romjula har eg planar om å strikka og kosa meg.
Når huset er julepynta, er det herleg å bare nyta roen.

Ha ei fortsatt god jul, bloggvenner!





1 kommentar:

  1. God Jul! Er det ikkje herleg å få sånne kjekke strikkegåver til jul? Ein får aldri nok hverken av pinnar, garn eller andre strikkedingsar!
    Og eg likte hjertet ditt kjempegodt, stilrein pynt!

    SvarSlett