onsdag 4. desember 2013

Julepålegg i boks!

I går hadde eg kjøkkentjeneste det meste av dagen.
Her i huset et me ikkje så mykje kaker, 
me er meir glad i godt pålegg på skjeva og god middag.
Og nå er kjøttrullen og sylteflesket klart.


Eg lager kjøttrull istedenfor karbonader, 
skjærer dei opp i passe tynne skjever med løk på, mmm...

Sylteflesk (ribberull) er alle glad i her. 


Det er enkelt å laga, har du lyst til å prøva, kan eg forklara kossen eg gjer det.

Tynnribbe der svoren ikkje er ruta opp er best å bruka.
Her er eg klar til å gå igang.


Beina skjæres bort, eg skar litt kjøt med og lager grillbein av det.
Så kryderer eg ribba med pepper, nellik, ingefær og allehåde.


Eg ruller ribba samen og surrer hyssing stramt rundt.


Då var dei klar for gryta, kokes i 2 timer i usalta vatn.


Kok opp lake av 3 liter vatn, 500 gr salt og 15 nellikspiker, det er nok til ein rull.
Rullen legges i laken og settes kaldt, la den ligge i 2 døgn.
Bon apetitt :)


(Dette bilde er fra i fjor, mine ruller ligg ennå i saltlake)

Men litt kaker blir det. I dag har eg laga sandnøtter,
colakakene er og i boks.

*

På strikkefronten er det lite ferdig,
bare eit par sokkar som skal med i ein julepresang.
Eg har begynt på eit større prosjekt, skal strikka kofte til eldste datter.
Og når ho får kofte, må dei andre to og få.
Så det er ikkje problemer med kva eg skal finna på framover ;)

Sokkar er grei tv-strikk, det er stor størrelse, 44-45.


Gjestal Sportsragg, 154 gr
Pinne nr 3,5






1 kommentar:

  1. Så koseilg å sjå her i bloggen din!! Huske at mamma lagde ribberull, men at eg aldri tok meg bryet med å læra. Takk for opplæringa her- det likte eg godt! Ser ut til at du får til da mesta! Ha ei triveleg tid fram mot Jul! Eg har ikkje byrja med julebakst ennå, men har bakt andre ting som foccasia.

    SvarSlett