mandag 7. januar 2013

Snufsende start...

Då var me alt komme ei veke inn i det nye året,
og det starta med nysing, hosting og eit intenst bruk av papirlommetørkle!
Me var på hytta i helga, og eg sat i godstolen med strikketøyet
og ..... lommetørkle!! Å strikka var det einaste eg gjorde heile helga.

Ei lita jente (eller mora) ønska seg ei Hello Kitty lua.
Den strikka eg i helga, måtte ha ein pause frå årsteppe.


Årsteppe hadde eg og med. Det er eit tidkrevande arbeid å strikka det samen.
Men eg koser meg med det og gleder meg til eg er ferdig.
Dette blir ein av dei flottaste tinga eg har laga.
Nærmere beskrivelse kjem seinere ;)

I 2012 har eg ført opp alt eg har laga og 
rekna samen kor mykje garn eg har brukt opp. Eg kom til 
10385 gr  eller  207,7 nøster.
Mykje av det eg har laga i år er i tynt garn, 
så eg hadde ikkje rekna med at det blei såpass mykje.
Eg vil fortsette å føra rekneskap i 2013,
må finna ut om det er ein enkel måte å gjera det på i bloggen.

FAKTA
Trysil Babyull, dobbel tråd.
pinne nr. 5
40 gr.




3 kommentarer:

  1. Godt År! Og god bedring til deg, Wenche! Ikkje lett å gå klar forkjølelse og slikt i desse dagar. Så godt med trøsten å strikka- om ein orke det. HK-lua er kjempesøt. Glede meg til å sjå teppet ditt! Det blir staseleg, for du levere fine arbeider!!

    SvarSlett
  2. Håper du no er komen til hektene att, kjedeleg å ikkje vera i form. Du bar flittig i året som gjekk, skal sei du fekk nytta nokre nøster til dine prosjekt. Vert fint å følgja deg vidare med dine flotte strikkeprosjekt! Og då kjem vel gjerne teppet snart?

    SvarSlett
  3. Skal si du har fått strikket opp mye garn i året som har gått! Imponerende resultat :)
    Og du begynner nye året bra med en skjønn og festlig lue :D

    SvarSlett