tirsdag 1. januar 2013

Godt nytt år!

Tenk, då er me komme til 2013!
Tykkjer 2012 har foke avgarde i ein fart,
det har visst med at me byrjar å få ein del år på kroppen...

Feiringa gjekk roleg for seg saman med famelie og venner.
Me fekk god mat og praten gjekk godt.
Denne siste helgedagen er me buden på kveldsmat hjå datter A.
Herleg å gå frå det eine dekka bordet til det andre ;)
Men nå skal det bli godt med kvardag og grove skjeva igjen og :)

På håndarbeidsfronten går det på samenstrikking av årsteppe.
Eg vil blogge om det seinere når det er ferdig. 
Har vore med på ein along som har gått over eit heilt år,
me har fått nytt mønster kvar mnd.
Det har vore spennende og ikkje minst lærerikt å vera med!

Ønsker dokke alle som er innom her
EIT REKTIG GODT NYTT ÅR!



1 kommentar:

  1. Godt nytt år til deg også!
    Jeg holder også på med sammenstrikking av Årsteppet :)

    SvarSlett