torsdag 24. januar 2013

Mens eg venter..

Ja, eg venter og tenker på kva eg skal gjera med teppe mitt.
Har ikkje hatt hell med etterlysinga av garn.
Jon er i byen i dag, og han skal kjøpe kontrastfargen til meg,
så får eg sjå kva eg finn på.

Og mens eg venter strikker eg småting som har vore på vent.
Eit par sokker til snuppå vår av restegarnet til ullsettet eg strikka til henne.


Ein along har eg og meldt meg på.
Eit par votter designa av Elisabeth Zimmerman er på pinnene.
Ein rar måte å strikka votter på, vil eg seie, men eg har knekka koden nå ;)
Den første votten er snart ferdig.


Ein svigersønn har ønska seg Manu-lua og den har eg lagt opp i dag.
Han har bursdag om ei veke og da passer det å gi han den i presang.

Har lyst til å visa dokke nokre bilder eg tok då me var på hytta i sist veke.
I denne kulda me har, blir det reine kunsten når vatnet frys.






Ha ein fin dag, og takk for du kikker innom :))

FAKTA
Sokker i Sandnes mini alpakka
pinne nr. 3
38 gr.



1 kommentar:

  1. Så flotte naturbilder!!
    Kjekke sokker du har strikket, og EZ-vottene er helt supre.

    SvarSlett