torsdag 31. januar 2013

EZ og Manu

Eg sat på lørdag og skreiv denne bloggen, men blei ikkje ferdig då eg fekk besøk.
Søndag gjekk nettet dukken i vinden her, og det har vore ute til i ettermiddag.
Nå får eg håpe det endeleg vil lukkast.

Det er veldig kjekt å vera med på alonger :)
Denne gang er det et par votter designa av Elizabeth Zimmermann me har strikka.
Oppskrifta står i boka hennes, Knitting around.
Ærleg talt så er det ein rar måte å strikka votter på,
det gjekk ei stund før eg forstod kva som var opp ned på det eg stelte med.


Men det hjalp å studere bilde av vottane, og då gjekk det opp eit lys ;)


Det var morsomt å strikka desse vottane,
men det var ein del montering, så eg trur ikkje det blir så mange par med meg.
Men dei var gode på handa. Eg har brukt er Jade garn.



Ein svigersønn ønska seg Manchester United hua, 
og då måtte eg fiksa det.
Han ville ha den i andre farger, håper denne blir godkjent.
Men eg er redd for at den er for stor. Han skal få den på søndag til bursdagen,
så får eg heller ordne den etterpå om det trengs.
Garnet eg har brukt er Viking sportsragg,
eit garn som ikkje er godt til sokker, men mjukt og godt til hua.



 

Ha ein fin kveld :)

FAKTA
EZ votter i Jade
pinne nr 3,5
81 gr.

Manu i Viking garn
pinne nr. 3,5
88 gr.




2 kommentarer:

  1. Man må jo bare bli imponert av EZ. Men jeg lurer på hvordan i all verden hun kom på å strikke votter på den måten??? Når "den vanlige" måten er så mye enklere, mener jeg. Fine ble de i hvert fall!

    SvarSlett
  2. Jeg likte veldig godt passformen i vottene, og derfor har det blitt strikket noen par her hos meg.
    Fin farge du hadde valgt på dine!
    Og så var det en stilig lue du har strikket :)

    SvarSlett