tirsdag 9. oktober 2012

Prøver meg på egen blogg :)

Ettersom Norge 123 er på veg ut, er eg på leit etter ein grei erstatning når det gjelder blogging.
Det var svært skuffande at dei bare kan sletta alt me har lagt inn og lagra i løpet av mange år!
Derfor har eg lyst til å starta min egen blogg der eg bestemmer alt sjølv.
Problemet er bare at eg kan for lite, og det er mykje eg lure på,
men satse på det kjem etter kvart.
 
Denne bloggen blir nok mest om det eg lager av håndarbeid,
og det er mest strikking eg driver med.
Men det dukker vel opp litt hekling og kanskje litt brodering og ;)
Elles blir det om smått og stort i heimen.
 
Då starter eg med å vise fram toppen eg har strikka til meg sjølv.
Har strikka den i dominoruter, liker den teknikken,
men fort går det ikkje.
Det går mykje tid med å plukka opp masker!
Garnet er Drops Babyalpakka Silk, så den er herlig og mjuk!
 
 
 
Eg blei kjempefornøgd med toppen,
den blei akkurat passe :)
 
 


  I helga var me på Sand på Møgedalmessa.
Eg rekna med at det helst var for manfolk då det var hjå ein traktorforhandler,
men der blei eg positivt overraska.
Det var mange stand med handarbeid og håndtverk,
og eg fant ein ting eg har ønska meg lenge, ein stoppesopp!
 
Mannen i huset bruker heimastrikka sokker heile året,
og då kan eg ikkje hiva dei når det blir eit hol.
Som du forstår, stopper eg ein del hol, og då blir denne soppen god å ha :)
 
 



 

2 kommentarer:

  1. Hei Wenche! Eg tykje det er så flott å sjå at "snellene" kan!! Gratulera med "himasidå"! Toppen din er alldeles nydlege!

    SvarSlett
  2. Denne toppen er knallfin!!
    Og den er riktig så flott på deg :)))

    SvarSlett