På bloggen til Tone`s Ting & Tang såg eg eit flott
teppe ho hadde strikka av restegarn.
Det fekk eg lyst til å strikka til hytta.
Eg hadde mykje Hifa Ask liggande, det er eit tynt og lett ullgarn.
Det er ikkje alltid lett å setta samen fargane,
så eg fekk hjelp av datter mi.
Det er bare rillestrikk, så det har vore eit avslappande TV strikk.
I det veret me har hatt i sommar,
har det ikkje vore problem å strikka med ullgarn!
Resultatet er eg godt fornøgd med.
Teppe på plass på hytta!
Fargane står i stil med hortensiaen me har der ;)
Garn, Hifa Ask, 935 gr
Pinne nr 4
*
Eit par sokkar har vore greit å ta med seg i veska.
Garnet er Robust, det er lilla og kvit spettet, ikkje grått.
Robust garn, 110 gr
Pinne nr. 3,5
*
I vår melde eg meg på ein along på ei gruppe på Raverly, The Knitgirllls.
Det er to damer som har ein podcast.
På tre mnd skulle eg strikka 5 km garn,
og sidan eg holdt på med teppe, melde eg meg på.
Eg var spent på om eg klarte det, men teppe
og kofta gjorde susen, det blei over 6 km.
Fristen går ut nå på torsdag.
*
Det har vore lite aktivitet på bloggen min i sommar.
Eg har vore mykje på hytta og me hadde ein tur til Telemark ei veke.
Det er godt å ta seg fri fra nettet og av og til,
men nå starter kvardagen igjen, så då blir det meir blogging og.
Kun to nøster garn handla eg på turen.
Det var helst same garnleverandørar som heime,
men eg fann eit sokkegarn fra Rauma, Magi, som eg vil prøva.