mandag 7. september 2015

Eg strikker, men...

Det skulle vore vist noko ferdig her nå,
men det er eit hemmeleg prosjekt, så det kan eg ikkje ennå.
Vedkommande som skal få det veit om bloggen min og 
kan kanskje ta ein tur innom her ;)
Kanskje det dukker opp noko på eit anna forum...

*

Eit par sokkar held eg og på med.
Eg kjøpte garnet på tur i sommar, Magi fra Rauma.
Då eg starta på den andre sokken, 
syntes eg det var mindre av den rosa fargen i garnet og den var lysere.
Eg la dei ved sida av kvarandre og det var ingen tvil!
Ein annan ting var at på bare strikking av lista,
hadde eg truffe på to knutar, Ingen ting irriterer meg meir,
spesielt på sjølvstripande garn.
Eg sende ein mail til Rauma, partiet var det same så dei syntes det var rart.
men etter to-tre dagar låg det eit nytt nøste i postkassen. Flott service!
Så nå blir det to like sokkar på meg :)



Det er nydeleg vær for tida, men den skarpe høstlufta er her.
Sommarfuglane har ikkje gitt opp ennå, ein var på visitt på trappa mi.


Me har hatt nokre flotte solnedganger og.


Håper finværet fortsetter. Me vil ta oss ein liten høstferie og reisa på tur.
Kanskje det blir meir bær på oss, me håper det.
Og eg skal starta på eit nytt stikketøy, har fått bestilling på eit sjal.

*

Ønsker alle som ser innom her ein fin veke!
Tusen takk til deg som legg igjen ei helsing, veldig kjekt!


2 kommentarer:

  1. Spennande med hemmelege prosjekt, kanskje får ein titt når gåva er kommen til rett mottakar?
    God service gjer at vi gjerne kjøper garnet igjen sjølv om vi har vore misfornøyd.
    Deilig med ein hausttur før været slår seg skikkelegt vrangt. Kos dåke!

    SvarSlett
  2. Her blir eg nysgjerrig? hm... må berre følge med forstår eg! Vil jo sjå, kva Wenche vil finne på! Fine fargar i sokkane du spøter, og det er bra service at du fekk tilsendt nytt garn. Eg fekk kjøpt rimelig garn i sommar, pga garn hadde lagt for lenge under lysrøret i butikken - og kan dermed falme av det. Eg såg det ikkje der og då, men kansje det vil vise når eg strikker. Ha fin høsttur!

    SvarSlett