onsdag 11. desember 2013

Gjærbakst

I dag har eg baka gjærbakst.
Familien liker bedre det enn kaker.
Rundstykker med godt pålegg og ambrosiabrød med ost på,
det er godt det!!
4 ambrosiabrød og 40 rundstykker har eg laga i dag.





Viss du vil prøva å laga ambrosiabrød, skal du få oppskrifta her.

120 gr margarin
1 liter melk
2 små kopper sukker
1 pk rosiner, (250 gr)
Ha alt i ei gryte og kok det opp, avkjøl og tilsett
2 pk gjær og
2 samenpiska egg
Tilsett 1,5 kg hvetemel.

Heves 1 time.
Lag 4 store eller 6 små runde brød.
Etterheves og steikes 25-30 min på 200 gr.
Dei er kjempegode, bare prøv ;)

*
Det blir ikkje mykje ferdig på strikkefronten.
Kofta veks sakte men sikkert, og eg er med på ein adventsalong.

Kva skal dette bli?? Har ikkje peiling!
Eg skal strikka to til innen fredag, då får me veta meir.



Ha ei koseleg adventstid :)




torsdag 5. desember 2013

Adventskalender-mysterie

I ei gruppe eg er med i , har Zirkona adventskalender.
Det første mysterie var ein engel.
Eg glømde å ta bilde før montering, 
eg klarte ikkje tippa kva det var før forklaringa kom ;)
Eg hadde ikkje så mykje pynt liggande, så det blei ein enkel pynta engel,
det passer meg igrunnen bra.


Mor Aase, 8 gr
pinne nr 2

Eg har eit større arbeid på gang for tida.
Eldste datter ønska seg ei kofte, og den skal ho få i bursdagspresang.
Ho fant ei mønster fra 50 tallet som heiter Meldal, den strikker eg tynn alpakka.
Det går ikkje fort med mønsterstrikking på kvar omgang.
Men armane er ferdige, og nå er det bare bolen og beine vegen igjen.


Nå har eg kost meg med ein god lunch.
Skjeva med nylaga sylteflesk (oppskrift finn du i bloggen eg skreiv i går)
og nysteikt havrekjeks med brunost, mmm...



Ønsker dokke som ser innom ei god adventstid!



onsdag 4. desember 2013

Julepålegg i boks!

I går hadde eg kjøkkentjeneste det meste av dagen.
Her i huset et me ikkje så mykje kaker, 
me er meir glad i godt pålegg på skjeva og god middag.
Og nå er kjøttrullen og sylteflesket klart.


Eg lager kjøttrull istedenfor karbonader, 
skjærer dei opp i passe tynne skjever med løk på, mmm...

Sylteflesk (ribberull) er alle glad i her. 


Det er enkelt å laga, har du lyst til å prøva, kan eg forklara kossen eg gjer det.

Tynnribbe der svoren ikkje er ruta opp er best å bruka.
Her er eg klar til å gå igang.


Beina skjæres bort, eg skar litt kjøt med og lager grillbein av det.
Så kryderer eg ribba med pepper, nellik, ingefær og allehåde.


Eg ruller ribba samen og surrer hyssing stramt rundt.


Då var dei klar for gryta, kokes i 2 timer i usalta vatn.


Kok opp lake av 3 liter vatn, 500 gr salt og 15 nellikspiker, det er nok til ein rull.
Rullen legges i laken og settes kaldt, la den ligge i 2 døgn.
Bon apetitt :)


(Dette bilde er fra i fjor, mine ruller ligg ennå i saltlake)

Men litt kaker blir det. I dag har eg laga sandnøtter,
colakakene er og i boks.

*

På strikkefronten er det lite ferdig,
bare eit par sokkar som skal med i ein julepresang.
Eg har begynt på eit større prosjekt, skal strikka kofte til eldste datter.
Og når ho får kofte, må dei andre to og få.
Så det er ikkje problemer med kva eg skal finna på framover ;)

Sokkar er grei tv-strikk, det er stor størrelse, 44-45.


Gjestal Sportsragg, 154 gr
Pinne nr 3,5






fredag 22. november 2013

Babykjole

Lillesøster, yngste barnebarnet vårt, er et år og skal fotograferes.
Mora ønska seg denne kjolen og eg har kost meg med å strikka den.
Nesten heile kjolen er i flettemønster,
og då er eg glad for å ha lært å strikka fletter uten hjelpepinne.
Fant ein video på youtube. HER er ein, men eg gjer det litt annleis (enklere).
Denne metoden er veldig grei når fletta går over 2-4 masker.
Nå er eg spent på om kjolen passer.

Mangler knappane på skuldrene, dei får mora ta ut.
Fargen er best på nærbilde av mønsteret.










Mønster: Viking Garn 1105
Viking Bjørk, 207 gr
pinne nr 3



søndag 17. november 2013

Innspurt

I siste liten før julemessa blei tre engler og et par tøfler ferdige.
Bildene blei tatt på kvelden, så dei er ikkje så bra.


Silja, 52 gr
pinne 3,5
Bommull sport, 32 gr
heklekrok nr. 4 og 3               

Nokre lyslykter blei pynta og gjordt klare.
Dei grå er det dattera som har hekla.

Bommull sport, 52 gr
heklekrok nr. 3



Det er alltid godt når julemessa til misjonen er over. 
Mange ting er på vent, og eg gleder meg til å starta på større arbeid.
Salget gjekk bra, men eg har litt igjen i kassen min.
Samla blei det rekordsalg i år og, over 330 000 kr! Kjempebra!
Då er matsalg, loddsalg, åresalg og messevarer rekna med.
Stor dugnad og mykje arbeid er lagt ned, 
då er det kjekt med så flott resultat.

God søndag!


onsdag 13. november 2013

Engler daler ned i skjul...

I det siste er det heklekroken som har vore i sving.
Eg fant ei oppskrift på engler i ein blogg.
Syntes dei var så fine, og nå har eg laga 8 stk.



Eg har forenkla monteringa litt og hekla isamen mest mogleg.
Det må vera minst mogleg sying og festing av tråder hjå meg ;)
Oppskrifta finn du HER om du er interressert.

Bomull Sport, 87 gr.
Heklekrok nr 4 og 3
*

Men strikkepinnane har ikkje kvilt dei heller.
12 tova engler har eg strikka.
6 av dei laga eg litt mindre, kanskje passe til å henga på juletre?




Det er siste innspurt til julemessa nå, den er på fredag og lørdag.
Men to tre engler til blir det sikkert.
Vestlandsgarn, 317 gr
pinne nr. 5

*

I november er det ein skikkeleg bursdagsboom i familien.
Fra 4. nov til 1. des er det 5 stk som har bursdag, 
min mann, ei datter og tre barnebarn.
I helga blei det feira, da var alle samla.
Ei av jentene blei 5 år, og mora laga kake til henne.
Har aldri sett så flott kake, flink datter me har :))



Jenta blei litt overgitt over at barbiedokka hennar hadde blitt til kake,
men det ordna seg når ho fekk forklart at dokka blir like fin etterpå, he he!!

*

Ha ein fin dag!



onsdag 6. november 2013

Garnhandel

Det har blitt litt garnhandel i det siste.
Det dukker jo opp gode tilbud både her og der, 
og då er det ikkje lett å stå imot!
Etter eit tips fra Vrangmaska blei det nokre nøster cotton merino fra Drops.
Det har eg ikkje prøvd før, kjennes mjukt og godt ut.


I helga var me på tur til Egersund der me mimra fra farna dagar.
Me har budd der for mange år sida, så det var kjekt å ta turen.
Då blei det fleire nøster med heim.
Kjøpte bomullsgarn, eg hekler noko som eg kjem tilbake til, 
og sokkegarn, eg har jo strikka ein del sokkar i det siste;)

På heimturen var me innom Gjestal spinneri sitt garnutsalg,
og der var det mange gode tilbud. 
Eg plukka med meg garn eg ikkje har prøvd før, Big Trio (tre hespler, betal for to) 
og Mirasol (20 kr hespel), det kunne eg ikkje gå fra!
Sokkergarn, Ola, til 10 kr passa meg og bra!


Me var og innom  Byrkjedalstunet, der er det lysstøyperi og kafè.
Etter ein god middag, tok me ein tur innom lysstøyperiet.
Det er det mykje fint, reine kunsten laga i stearin.



Molter
Tenk å brenna desse flotte figurane...
Eg kjøpta bare vanlege advent og julelys, så nå er det i hus.

Ferdig håndarbeid får koma i neste blogg.
Eg putler med pynting med perler i dag, ikkje favorittjobb akkurat...

Ha ein fin onsdag!