Dei fleste ungane her i familien vil ikkje ha ullkler, det klør!
Men alpakka går bra. Eg var i lageret mitt og fann nokre nøster
turkis i Dale alpakka.
Det strikka eg samen med ein tråd tynn, børsta alpakka, i natur farge.
Det blei bra samen, og jakken blir god og varm.
Eg brukte ikkje mønster, strikka ein heilt enkel jakke med fletter framme
og raglanfelling. Det er godt å sleppa montering.
Eg strikka nokre forkorta omganger bak i nakken, så blir den litt høgare bak.
Jakken er str 10 år.
Eit par sokkar strikka eg i garn eg har farga sjølv, veldig grøne ;-)
Ønsker alle som ser innom ei rektig god adventstid!
Skjønn jakke!! Du har produsert mykje fint i haust med garnet ditt! Ha fin adventstid!
SvarSlettDet var en lekker jakke, ser ut som en sky !
SvarSlett