torsdag 22. november 2018

Genser av håndfarga garn

Det nermer seg julemessa der eg skal vera med garnet mitt.
Har funne ut at det er smart å ha modeller,
så får kundane sjå korleis garnet blir når det er strikka opp.
Denne genseren blei til etter kvart som eg strikka.
Har lenge tenkt på korleis bruka ein enkel hespel med spettet garn.
Synes det blei ein grei genser, og den var rask å strikka.
Garnet er lammeull, den er i str. 10 - 12 år.
Kanskje det kunne vore lurt å hatt med mønster og...




Håndfarga Lammeull, 326 gr
Pinne 3,5 og 4

Av restane strikka eg to par votter.
Det er rein lammeull, så eg tova dei litt.







2 kommentarer:

  1. Super genser, ønsker deg lukke til på messa.😀

    SvarSlett
  2. Delikat garn som er blitt til flotte produkt. Tykjer du har laga fin kombo med fargane i genseren. Vonar du får godt salg!

    SvarSlett