Det er ferietider og eg har visst tatt ferie fra bloggen og.
Men strikkepinnane har ikkje ferie.
Eg tester ut garn som eg farger, og denne gang har eg gradert fargane i sjalet.
Garnet er merinoull og borda på kanten er lammeull.
Eg har droppa borda i sjalet og bare strikka den til avslutning.
Det blir farga litt sokkegarn og.
Dette paret hadde eg planar om å behalda sjølv, men dei forsvann fort ut døra!
Mønster blei til ettersom eg strikka.
*
Elles held eg på med eit større prosjekt, ei kofte nå i varmen!
Den nermer seg ferdig, men eg har rett og slett strikka for langt før halsen,
så eg må rekka opp nokre cm.... kjedeleg!
Og så er eg starta å brodera ei bunadskjorte.
Det er til eit barnebarn, så eg har god tid, men det er greit å få det gjort.
*
Blomstene mine er så flotte i år, dei liker nok den fine, varme sommaren me har.
Spesielt sommargeorgina er flott.
Fortsatt god sommar til dokke som kikker innom her!
Og tusen takk for fine kommentarer på bloggen min, veldig kjekt!
God sommar til deg og! Du verden så flott garn du nyttar til fine prosjekt. Diggar både fargar og mønstrar du tryllar fram!
SvarSlettGod sommar Wenche 😀. Så kjekt å sjå det fine garnet du fargar bli til lekre plagg. Fint med einsfarga holbord til gradert garn. Sokkane er flotte, ikkje rart nokon ønskjer seg dei😄👍🏽
SvarSlettGoood sommer til deg også Wenche :) du lager så mye pent, og disse sjalene dine, ja dem beundrer jeg stadig vekk. Søte strømper har du også :)
SvarSlett