torsdag 31. mai 2018

Lace Him Topp

Produksjonen av farga garn fortset sjølv om me har sommar 
og temperaturen nermer seg 30 grader.
Tenk å ha så flott sommar i mai, så og seia alle plantene mine blomstrer.
Det har aldri skjedd at peona mi har blomstra i mai,
her me bur er det alltid sein blomstring, men ikkje i år.

Messa er i helga, så det er siste innspurt denne veka.
Denne toppen har eg strikka av eit tynt merinogarn.
Det er eit veldig drygt garn, toppen veg bare 125 gr!
Den blei veldig fin på, er kjempe fornøgd.
Mønsteret kom eg over på pinterest og den er gratis.
Har strikka den ovenfra og ned, så litt justeringer har det blitt.
Rundt hals og armhol er det strikka I-cord, det blir fin kant.
Fargen er lys grå med lilla og grå spetter.
Planen var å ha den på meg på messa, men det går ikkje i denne varmen,
så den blir med på utstillinga.







Lace Him Topp
Farga Merinoull, 125 gr
pinne 3

*

Ei Snøløvhua strikka eg av litt rester og ufarga garn.



Og maen måtte få seg eit par sokkar.
Han liker dei mørke, så det blei blå-svart farge på dei.



Snøløvhua, Lammeull, 40 gr
Sokker, farga Opal, 84 gr
*

Nå er kassane med garn pakka og eg er nesten klar.
Har hatt fantastisk god hjelp med modeller av ei snill dame, 
ho har og teikna logo til meg.



*


Tusen takk til dokke som trufast stikk innom her og legg igjen ei helsing!
Ønsker dokke ei god helg og nyt sommaren!




4 kommentarer:

  1. Imponert over strikkeinnsatsen din! Kjempelekker topp! Så gøy du har fått eget logo! Enig med deg at Peoner og alle hageblomar har "sprunge" veldig tidlig i år. Aldri opplevd maken vår/forsommar, men eg nyter det og!

    SvarSlett
    Svar
    1. …. og sjølvsagt fin lue og lubber

      Slett
  2. Det er ein lekker topp du har strikka deg! Flott i fargen og nydelig design. Dei andre produkta er og fine.
    Ønskjer deg ei god messe med godt salg. Håper det fine værrt gjer at riktig mange finn vegen til bodene.

    SvarSlett
  3. Så lekker topp du har tryllet frem Wenche, du lager altså de lekreste plagg :) og når det gjelder hullmønster så er det jo så utrolig mye lekkert å velge i mellom. Så gøy det må være med eget garn og logo - grattis så mye, håper og tror - at du får solgt masse :) god sommer Wenche :)

    SvarSlett