mandag 29. mai 2017

Across The Pond Sjal

I fjor sommar var eg på Hegra i Trøndelag på strikketreff,
og der kjøpte eg ein hespel nydeleg Cashmere garn.
Det er så mjukt og herleg, så det måtte bli eit sjal.
Eg fann eit som er smalt, liker å bruka dei som skjerf.
Det blei lett som ei sky og så deilig rundt halsen.
Ennå er det litt garn igjen, håper det er nok til pulsvanter.




Cashmere, Lothus Yarns, 40 gr
Pinne 3,5
*

Eit barnebarn er glad i strikka sokkar. 
Han veks fort og trong nye, så eg strikka eit par i Opal.
Gubben og slit på sokkane sine, han bruker dei heile året.
Eit par i eit fint Holst Highland garn blei det til han.




Opal, 41 gr
Pinne 3
Holst Highland, 64 gr
Pinne 3,5
*

Når eg slapper av med strikketøyet, liker eg å høyra på strikke-podcast.
Ein av favorittane er Nørdic Knitting, det er to svenske damer som 
prater om alt om strikking. 
Dei tar med masse strikkehistorie fra forskjellige land,
den siste podden handler mykje om norsk vottestrikk.
Anbefaler dokke å ta ein tur innom HER



3 kommentarer:

  1. Et nydelig sjæl, og garnet er kjempelekkert. Dette blir nok herlig i bruk. Innlegget ditt fekk meg til å mimre om glade dagar på det treffet.
    Gode labbar har du og strikka, slikt blir det aldri nok av.
    Ønskjer deg ei fin sommarveke!

    SvarSlett
  2. Et nydelig sjæl, og garnet er kjempelekkert. Dette blir nok herlig i bruk. Innlegget ditt fekk meg til å mimre om glade dagar på det treffet.
    Gode labbar har du og strikka, slikt blir det aldri nok av.
    Ønskjer deg ei fin sommarveke!

    SvarSlett
  3. WHOW, så lekkert sjal. Du er ein kløppar å finna godbetar på nettet. Kjekt å strikka forskjellige arbeid. Lubber VAR for meg eit ork før, meden nå berre kjekt og så kjærkomne plagg å få. (hm.. berre til dei som likar sjølvsagt, presser jo ikkje på dei som ikkje likar) Fine garnkvalitetar du strikkar av!!! Tusen takk for tips ang. strikkepod-cast.

    SvarSlett