lørdag 4. mars 2017

Bøker

Noko som har stått høgt på ønskelista, er bøkene Kofteboken 2 og Selbuvotter
 har eg hørt mykje positivt om dei.
Til bursdgen min fekk eg penger, og då var desse bøkene det første eg tenkte på.
Dei er kome i hus, og eg angrer ikkje, to flotte bøker eg kan anbefala!
Eg fekk ei anna bok og, Strikk med perler.
Eg liker ikkje perler så godt i plagg, men det var mange kjekke oppskrifter på huer, 
sjal, skjerf og votter.
Det går jo fint an å strikka uten perler, kjekk bok det og.


Ein dag kom det ein overraskande pakke i posten.
Eg lurte fælt, hadde ikkje bestilt noko nå??
Eg pakka opp ei nydeleg strikkeveske, og den var fra ei god strikke-venninne.
Ho har sydd den med mange gode lommar i, og det var ein fin størrelse.
Den blei tatt i bruk med ein gang, passar perfekt til jakken eg held på med.
Og så det stilige stoffet då, ugler er kult, har fått masse skryt av den.



Det går ikkje så fort med strikkinga mi for tida, har ikkje den rette ånda!
Jakken eg held på med skal få ei veke fri nå.
Me reiser til varmere strøk, og då blir det noko lettare reisestrikk med.
Skal bli godt å koma vekk fra snøslaps og kaldt vær.

God helg!







4 kommentarer:

  1. Hei på deg Wenche :) så flotte bøker du har fått tak i, skatter det der ;)og den vesken der var jo bare knæsj! Ei som er helt suveren med symaskina - og sånne vesker blir det jo aldri nok av ;) riktig god helg til deg, kos å titte innom deg :)

    SvarSlett
  2. Gode bøker du har skaffa deg, liker ekstra godt boka "Selbuvotter", eit oppslagsverk utenom det vanlige som kan lesast frå perm til perm.

    Kjekt å høyra at veska er tatt i bruk. Dåke må ha riktig god tur til varmare strøk. Det er godt å få tina opp kroppen på denne tida av året.

    SvarSlett
  3. Fine bøker du har skaffa deg. Den med perlestrikk har eg dog ikkje sett, men kunne tenkt meg den (elsker perler og stasj, eg vett du) he he. Ha riktig god tur! Strikkedilla kjem nok for fullt utover våren!! Lekkert nett du har fått deg. Misunneleg på folk som er ven med symaskin!

    SvarSlett
  4. Veldig kjekke bøker du har fått deg, strikkeveska var superflott!

    SvarSlett