onsdag 28. desember 2016

Julepresanger i siste liten

I år hadde eg ikkje planar om å strikka julepresangar.
Men då det blei til at me feira jul isamen med søster mi og mannen,
måtte dei få litt under treet, dei og.
I full fart strikka eg kvar sitt par votter.
Til søster mi strikka eg "Raudt lauv med gylne nervar".    
Dei er i fra boka av Vottelauget som eg vann for ei tid sidan.



Til svogeren fann eg eit fint mønster i eit blad, Kakao votten.
Mandag før jul felde eg av siste votten og hadde bare tomlane igjen,
men skrekk og gru, eg hadde klart å strikka to høgrevotter!!!!


Eg orka ikkje rekka opp, men la opp til ny vott.
Onsdag blei dei ferdige, eg vaska og blokka dei,
så under treet kom dei ;)


Problemet nå er at eg får for lite garn til den fjerde votten.
Er det nokon som har ein rest av mørk blå Ask liggande,
så vil eg gjerne kjøpa.

Eit par sokkar har ligge ferdige ei stund.
Det er mønster i leggen og på oversida av foten,
det var ikkje lett å få det på bilde. 
Garnet er tynt og heiter Wool Blend.
Desse fekk svigersønnen.
Både vottane og sokkane er blå, ikkje svarte.

Mønster, Vottelauget,
Ask garn  52 gr
Kakaovotten, Ask,61 gr
Pinne 3 og 2,5


Garn, Wool Blend 66 gr
Pinne 3


Eit barnebarn ønska seg ny hua. Ho klør av ullgarn og alpakka,
så denne er i merinoull. Det gjekk visst betre.
Det melerte garnet til denne hua har eg farga sjølv.


Garn, Babyull merino, 33 gr

*

Ønsker dokke alle ei fortsatt god romjul!





1 kommentar:

  1. Desse må ha falt i smak??? Så flotte vottar. Eg vart overraska Julafta, fekk nydelege sokkar i blåtonen min! Det varma hjarta mitt at ei venninne har strikka til meg! Du har og strikka fine "hua" og sokkar utenom, altså.

    SvarSlett