torsdag 31. desember 2015

Sengmat

På årets siste dag blei eg ferdig å montere denne kjøreposen.
Den er strikka i str. 3-6 mnd. til ein liten gutt som blei fødd rett før jul.
Synes desse posane er så kjekke, det er den 3. eg har laga nå.
Eg lager hol til selen i bilsetet, det står ikkje i oppskrifta,
og eg strikker dei ein del lengre, dei er veldig korte i mønsteret.
Det er jo kjekt om posen kan brukast ei stund, dei små veks fort.






Mønster: Viking Design nr.1114
Garn, Grå Baby Merino, 208 gr
Blå Gjestal Babyull 
Pinne nr. 2,5 og 3
Kanskje eg må strikka hua til og,
hadde vore fint i same mønster.

*

Det blei som eg trudde, eg måtte strikka ei ny hua til eine barnebarnet.
Du kan lesa om huene i forrige blogg, den eine blei veldig stor etter vask.
Han ville ha akkurat lik den han fekk til jul.
Lillesøstera tok hua på, den var stor for henne 
men den var passe til broren.


Garn, Gjestal Sportsragg, 84 gr.
Pinne nr 4

*

Dei siste åra her eg holdt rekneskap me kor mykje 
garn eg strikker opp. Det ligg veldig jevnt, rund 10 kg i året,
og i år blei det 10,533 gr - 210,7 nøster.

*

Tenk, 2015 er snart over, tida går veldig fort.
Det er vel eit bra teikn, me kjeder oss ikkje me som strikker!

Ønsker deg og dine alt godt i det nye året!



3 kommentarer:

  1. Godt Nyttår! Så flott kjørepose. Delikat i både mønster og farger. Veldig greit med "bytelappen" du har på huene!!! Fikser og ordner på ein,to, tre! Ser det har vore eit bra strikkeår -15, lykke til med nye arbeid i detta året!

    SvarSlett
  2. Godt nyttår til deg!!
    Det var en nydelig kjørepose og et flott mønster også.
    Jeg tenker du har mange prosjekter på gang i det nye året.

    SvarSlett
  3. Godt nytt år til deg :) Så flott kjørepose du har laget, kjempefin! Koselig å se blogg igjen - ha ei riktig fin uke

    SvarSlett