torsdag 9. april 2015

Hverdagsjakka

Det har vore stilt her ei stund nå, det har gått seint med jakken min.
Først rekte eg opp bærestykket ein gang, det blei for stort.
Så har det vore påske, og eg såg for meg at eg skulle få strikka mykje.
Men slik blei det ikkje. Det var godt å ta det med ro på hytta.
Me hadde masse koseleg besøk av barn og barnebarn
og me reiste på besøk. Me koste oss veldig og hadde ein fin påske.
Dermed kom strikkinga mi i andre rekkje, men litt blei det.
Eg trøbla og med knappestolpane, 
rekte opp fleire ganger før dei blei fine uten å strame.
I går fekk eg endeleg jakken ferdig, og den passer heilt perfekt.



Som dokke ser, har eg gjort min egen vri, eg har striper heilt ned.
Det var akkurat nok garn til det og eg synes det blir finast.
Jakken er strikka ovenfra og ned og det er veldig greit.
Då kan ein prøva den og tilpassa størrelsen etterkvart.
Det er raglandsauking, og der strikka eg kast i aukingane
 for at det ikkje skulle bli strame masker.
Eg har forklart nermare om det i forrige blogg om du vil ha eit tips.

Eg strikka den rundt og klypte opp etterpå.
Og eg stolte på Ann Myre som har designa jakken,
og klypte uten å sy først! Det blir spennande å sjå om det held!


Eg liker halslinninga dobbel, 
då ligg den finare og kanten der eg tar opp masker blir skjult når eg syr linninga ned.




Til slutt sydde eg inn klyppekanten. 
Det er mange som bruker band over sårkanten, 
Det hadde eg ikkje heime, så eg prøver om dette held først.



Garnet er Kauni, første gang eg prøver det garnet og det blir ikkje den siste.
Det blå er skjertert i fleire blåfarger, det grå er ensfarga.
Det blei ein tynn og lett jakke, heilt sikkert ein favoritt.
Rekner med den blir mjukare etter vask.
Eg blei godt førnøgd med resultatet!






Mønster: Hverdagsjakka av Ann Myre (Pinneguri)
Garn, Kauni, 345 gr
Pinne nr. 3 og 3,5









4 kommentarer:

  1. Ei koseleg jakke i fine fargar. Synd du måtte ta opp i starten, men det løner seg når resultatet vert så supert. Jakka hadde perfekt størrelse og du får nok mykje glede av den.

    SvarSlett
  2. Den var flott strikka!! Ser herlig ut! Tøft gjordt å klyppe uten saum frå symaskin!

    SvarSlett
  3. Fin jakke ! Har sjøl strikka 2 stykker.
    Takk for inspirasjonen i bloggen din !

    SvarSlett
  4. En jakke som er slik gode plagg skal være:
    Fin å se til, og god å ha på!
    Flott fargekombo og ikke minst -lett og lun jakke :)

    SvarSlett