lørdag 21. mars 2015

Eit lite tips

Eg har starta på ein jakke, Hverdagsjakken.
Den blir strikka ovenfra og ned, ein grei måte igrunnen.
Det er raglan-auking på den,
og då var det lett at tråden blei stram der eg auka.
Same kor laust eg strikka ville det strame litt.
Då kom eg på å ta eit kast på pinnen omgangen før auking,
kastet strikka eg vridd på aukeomgangen.
Det fungerte godt, ingen strame masker.


Bærestykket har eg strikka to ganger!
Første gangen blei det for stort, 
det er ei fordel å kunna prøva undervegs.
Nå ser det ut som det blir passe, er kome til under armane igjen.


Me har eit nydeleg ver her i dag, så nå vil eg ut og gå ein tur.
Håper du og ser sola. God helg!


5 kommentarer:

  1. Gode tips og råd er vell verdt å ta vare på! Må bare spør litt - du skrive du laga kast før du auka--- då berre tenkte eg på om ikkje det kastet likså godt kunne være aukemaska? Kan hende du meinte det, berre at eg må ha alt inn med teskje!! I dag kom regnet her hos oss, men ha riktig god sundag.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det var det eg meinte, Linda. Kastet blir aukemaska, Eg auker alltid ved å ta tråden mellom to masker og strikker den vridd, så kastet fungerer på same måte,men tråden blir laus og danner ei maske. Ikkje alltid lett å forklara ;)

      Slett
  2. Så fine fargar du strikkar i. Å auke ved å ta eit kast på ein omgang og strikke det vridd på neste vert ei fin auking, det har eg og gjort. Vil ein lage ei fin holrad langs aukinga kan kastet strikkast vanleg. Det vert og fint.

    Kjedeleg at du må strikke bærestykket to gonger, men passeleg må det vera for å få eit vellukka plagg!

    SvarSlett
  3. Så flott det blir! Ha en fantastisk helg hos deg!

    SvarSlett
  4. Hei på deg :) så kjekt et tips, dette skal huskes. Jeg holder no på å snopler med mitt jeg også, raglanfelling, men strikker nedenfra og opp - begynner og ser enden nå. Lyst å prøv ovenfra og nedover som du - så dette med kast skal jeg huske :) riktig god helg til deg Wenche

    SvarSlett