lørdag 8. februar 2014

To skritt fram og eit tilbake...

Eg har ikkje någe ferdig å visa fram i dag.
Det er kofta eg jobbe med for tida, og armane er ferdige.
Bolen har eg starta på og hadde strikka eit rosemønster.
Eg hadde det med på reis og fekk strikka ein del på ferjeturane,
men så sansa eg at eg hadde begynt feil på mønsteret!
Då var det bare å rekka opp igjen...


Det var i går og eg har starta på ny frisk igjen.
Men det går ikkje fort når eg rolser slik!


Då eg kom heim, låg det ein kjekk pakke til meg i postkassen.
Eg har lenge hatt lyst til å prøva meg på hønsestrikk,
og då var denne boka midt i blinken.
Eg blei ikkje skuffa, her er mange fine mønstrar.


Egentleg har eg ikkje tid nå.
Eg har blitt spurt om å strikka ein utstillingsmodell på eit babyteppe og.
Det er i eit nytt garn fra DSA, Baby Silk silver shine.
Eit nydeleg garn med glitter i, blir spennande å prøva det.

Då må dokke ha ei god helg!
Kosa dokke med håndarbeid og kanskje OL.
Det var ein flott start, sit her og ser Marit tar det første gullet,
og sølv blei det Heidi og, knallstart!



5 kommentarer:

  1. Kipt å rekka opp såpassa " langt-kome-arbeid"!! Beundre dei som tar lett på det og rekker opp! Du må ha lukka til med kofta videre. Den blir flott-- er 100 % prosent sikker på det!!! Kose deg med litt hønsestrikk innimellom....og babyteppet! Skal bli kjekt å få sjå!!

    SvarSlett
  2. Jakka ser spennande ut, vert eit nydeleg plagg det. Du strikkar så fint, Wenche. Og hønsestrikk er ei spennande bok, den har også eg fått i posten. Skal bruke boka, men ikkje nett enno.
    Gleder meg til å sjå babyteppet du skal strikka i det nye garnet.

    SvarSlett
  3. Så leit å må rekke opp sånn, men vet du ka Wenche? Den hjertegenseren jeg nylig strikket, hm, ganske pussig egentlig, jeg hadde felt til armer, begynt på mønster - da hadde jeg strikket fem og tilbake fordi det skulle være vest, så måtte jeg rekke opp alt!! ;) og da hadde jeg sett meg "lei" på en måte, på det mønsteret, så det var da jeg fant ut at jeg sku lag noe selv, så ble det genseren. Litt snålt egentlig og da, hvordan tanker og ideer kan forvandles. Var sikkert ei mening med den situasjonen også ;) Du holder på med ei flott kofte ser jeg :) og det Baby-garnet du skal prøv ut høres jo helt fortryllende ut. Kjempeleit at jeg ikke får treffe deg til uken, men håper vikelig det byr seg en sjanse senere igjen, ville vært trivelig å truffet deg :) ha en fin kveld videre - jeg og har fått i hønseboka, kjempefin bok med så masse tips og mønster, toppers til oss ;)

    SvarSlett
  4. Å, det er så kjekt å lesa bloggen din med sånne kjekke Ryfylkeord som å sansa og rolsa:) Gler meg til å sjå det glitrande garnet til babyteppet.

    SvarSlett
  5. Kjedelig med opprekking, men det er jo sluttresultatet som teller -og da er det verdt det :)
    Hønsestrikkboken har jeg også kjøpt meg -synes det var mønster på mange kjekke border der!
    Skal bli kjekt å se babyteppet som du skal strikke :D

    SvarSlett