fredag 28. februar 2014

Lueblogg

I dei siste tre måneder har eg helst bare strikka i gråfarger.
Kjende det blei nok nå sjølv om eg er glad i grått.
Monica ønska seg pixielue til lillesnuppa.
Den strikka eg i ein fin blålilla farge med lys lilla striper og str 2 år.
På bilde blei den blå...
Det var herleg å strikka med farger igjen!


Mønster: Pixielue fra Tante Trude
Garn: Drops Merino extra fine, 58 og 88 gr
Pinne nr 3,5

Då storesøster såg den fekk ho og lyst på ny lue,
og eg kan jo ikkje gjera forskjell på jentene mine.
Ho ville ha rosa lue, men eg hadde bare ein lillafarge i lageret mitt.
Den skulle bli str 4-5 år, men den blei for stor trur eg.
Onsdag var eg i byen og då kunne eg kjøpa rosa garn.
Denne ser meir passe ut, så nå håper eg ho blir fornøgd.
Garnet var eit nytt bekjentskap for meg, eit merinogarn som kjennest godt ut.
Eit lite minus at det delte seg lett på pinnen.


Luene er litt små til modellen...

Mønster: Pixielue 
Garn: Schachenmayr Extra Merino, 70 gr
Pinne nr 3,5
*
Nå er det full fart på babyteppe, det er i eit nydeleg glittergarn fra DSA.
Teppe blir deileg og mjukt.



Tusen takk til deg som besøker bloggen min og tar deg tid til å legga igjen ei helsing!
Det setter eg stor pris på :)







2 kommentarer:

  1. Eg tykje det er så kjekt å sjå kva du strikke! Fine luer du har laga! Teppet høres spennande ut??? Rart med fotografering og garn--- stemmer sjelden med fargane. Eg må slå av blitsen på mitt kamera- og heldst ha litt dagslys. Då har det så nokonlunde klaffa.

    SvarSlett
  2. Fine luer!
    Pixieluen har god passform og sitter godt -viktig for aktive barn :)

    SvarSlett