mandag 7. oktober 2013

Strikkeforbud :(

Uff, kossen skal dette gå, eg har strikkeforbud ei heil veke!
Eg måtte til legen med ei vond skulder og arm,
og det blei sprøyte og niks strikking.
Og eg som skulle strikka så mykje til julemessa, men men...
Godt eg har masse bøker som venter på å bli lest,
og nå treng eg ikkje ha dårleg samvittighet for å vera på nettet ;)

*

Før helga fekk eg ferdig tre pannebånd.
Sjølv om det er mildt og godt nå, nermer det seg kaldare dagar,
då kan desse varma godt om øyrene.
Hadde planar om fleire, men nå får me sjå kossen det går.



Mønsteret til dette er fra bladet Familien Småstrikk.
Eg strikka fire omganger meir, ei stripe meir i kanten, til voksen str.

Garn, Trysilgarn, 64 gr
pinne nr 3,5


Denne oppskrifta fann eg hjå Drops, du finn den HER om det fristar ;)

Garn, Sandnes Mohair (utgått) 43 gr
Pinne nr 3,5



Mønster, Eget
Garn: Eskimo, 47 gr
Pinne nr. 7
*
Eit par tøfler fekk eg og gjordt ferdi før det skar seg.
Fant mønster i bladet Familien Småstrikk,
men eg har endra litt på fellinga.
Skulle eg fellt etter mønsteret, hadde det blitt feil med stripene i sida.
Det var fleire feil i mønsteret og, så eg blei ikkje imponert.
Men eg synes eg fekk dei bra til slutt.




Mønster, Familien Småstrikk
Garn, Silja: 55 gr
Pinne nr. 3,5

Tusen takk til deg som besøker bloggen min og legg inn ei helsing :)
Ha ei fin og kreativ veke!





3 kommentarer:

  1. Så kjedeleg å ikkje kunna strikke, i alle fall når det er helsa som gjer at det må vera slik. Ønskjer deg rask og god betring.

    Flotte panneband og tøflar du har strikka, ja vi går vel raskt mot ei tid der vi har bruk for slike plagg.

    SvarSlett
  2. Ikkje rart at armen din har streika så mykje som du har strikka i det siste. Nydelige småplagg!
    Flott å få veta at det er feil i mønster, det er utruleg kjedelig å oppdaga midt inni eit arbeid.

    SvarSlett
  3. Flotte pannebånd og kjekke tøfler!
    Godt at "forbudstiden" er over ;)

    SvarSlett