mandag 11. mars 2013

Pausestrikk

Eg måtte ha ein pause i klokkestrikking, har forresten bare ein arm igjen!
Begynner å sjå ein ende på det arbeide...
Men nå har eg strikka eit par pulsvarmere.
Foreningen vår skal ha basar etter påske, 
og eg har eit sjal liggjande som kan passe til gevinst.
Då tenkte eg at pulsvarmerane skal fylgja sjalet.



                           

I januar var boka "Moderne norsk strikk" hovudbok i Hobbyklubben.
Den såg spennande ut og eg avbestilte den ikkje. 
Eg venter ennå på boka. Tok kontakt med Hobbyklubben, og dei var gått tom for boka!
Skulle få den så snart dei fekk inn fleire, håper det skjer snart.

For ei tid sidan kjøpte eg desse bøkene. 
Det er greie ting å lage av restegarn, sjøv om eg tykkjer det er for putlete med dei små dyra ;)
Dokkeklær liker eg betre å lage, og det var mange fine oppskrifter her.
Nå er bøkene ein tur hjå dattera, ho er flink til å hekle.
Blir spennande å sjå kva ho får til :)


Ha ein fin dag :)

FAKTA
Ukjent ullgarn
pinne nr 3
pulsvarmerar 30 gr.

3 kommentarer:

  1. Så flotte håndarbeider du kreerer :) kjempefine!

    SvarSlett
  2. Du lager så flotte gevinster til basaren!
    Sjalet var kjempefint :)

    SvarSlett