tirsdag 10. juni 2014

Vinneren er:

Det gjekk ikkje lenge før det rette svaret kom!
Rekna ikkje med det skulle vera vanskeleg,
eg hadde snakka om å strikka ein jakke,
og ja, det er ein jakke!
Så Åshild, du får ein liten premie :)
Du kan kanskje senda adressa di på melding på Facebook?
Då får du dette om ei stund :)


Jakken starter i nakken og litt ned på ryggen, og eg strikker mot skuldera,
dei forkorta omgangane er over skulder/ starten på armen.
Det blir spennande om eg får den fin!
Eg har beint fram klart å knekka ei engelsk oppskrift denne gang og :)
Oppskrifta heiter Old Town.



Peona min blomstre så fint nå. 
Den er fra ei gammal plante som har vore her på garden i fleire generasjonar,
så den passar eg godt på! 
Her er den pynta med regndråper.
Fekk nettopp ei regnbyge, men me har hatt nesten 25 gr. i dag!
Eit herleg sommarvær me har, det er bare å nyta det!

*

Tante Ull har ein fin blogg med podcast og nå har ho ein "give away" på gang.
Ho er flink med strikkepinnane og til å spinne,
og det er koseleg å høyra på podcasten hennar. 
Klikk på linken og ta ein titt;)








onsdag 4. juni 2014

Så smart! Vil du vera med å tippa?

I ei mønster eg har begynt på var det ein link til 
ein smart måte å strikka forkorta omganger på uten å få hol.
Den er super, det viser nesten ikkje at du har snudd, bare sjå her.


HER er linken til videoen :)

Eg har starta på noko spennande ;)
Kan du sjå kva det skal bli?
Har starta med å strikka i 3 forskjellige retningar,
og nå strikker eg altså forkorta omganger.
Dersom du tipper rett, kan det bli ein liten premie,
og om det er fleire som tipper rett, blir det loddtrekning :)
Trekninga blir tirsdag etter pinse, den 10.-6.
Så langt er eg kome:


Men garnet er eg litt oppgitt over!!
Eg er ikkje ferdig med det første nøste ennå, og eg har funne 3 knutar!!!
Hrmf!! Det liker eg IKKJE,
Krysser fingrane for at dette nøste er eit unntak!





torsdag 29. mai 2014

Marius

Strikking av restegarn fortsetter,
og denne gang er det Rubingarn som var til overs etter årsteppe.
Ein Mariusgenser str. 2-3 år med rundfelling har eg strikka denne veka.
Det blei litt prøving og feiling på denne og.
Måla på oppskrifta kan aldri vera rett, 
så eg måtte justera bolen og laga den smalare.
Den blei bra til slutt.



Mønster: Marius
Rubingarn, 250 gr
Pinne nr 3 og 3,5

Tusen takk for koselege helsingar, 
veldig kjekt dokke tar dokke tid til det :)




tirsdag 20. mai 2014

Sinna sauer ;)

 I eit Familien-blad fann eg oppskrift på sinnasau-genseren.
Det passa supert til alpakkarestene eg held på med.
Ein genser str. 6 år i Drops Alpakka,
og ein i brunt og rosa str. 2 år i Sandnes mini-alpakka.
Eg har strikka halsen dobbel og sydd den inn på vranga.
Då ligg halsen mykje finere enn om den er enkel.







Sandnes mini-alpakka, 190 gr
Pinne 3 og 3,5

Drops alpakka, 148 gr
Pinne 3 og 3,5

Avfellinga på halsen har eg brukt ein teknikk som blir veldig elastisk.
Den er kjempebra å bruka når ein strikker sokkar fra tå til topp og.
Eg kan prøva å forklara den.

Strikk to masker, dei to maskene som du nå har på høgre pinne
strikker du vridd samen (i bakre maskeledd).
Strikk ein maske fra venstre pinnen, 
dei to maskene du har på høgre pinne strikker du vridd samen.
Slik gjentar du omgangen rundt.

Og ja, eg har ennå meir alpakkagarn liggande.
Men nå har eg tatt fram eit anna garn ;)




tirsdag 13. mai 2014

Garnhandel på Island

I helga var me på ein kjekk tur til Island.
Me var bare to dagar der, og det var fullt program.
Å få kjøpt garn var jo veldig viktig for meg,
det kjenner dokke strikkedamer sikkert til...!
Heldigvis fant eg ei lite hjørna med garn i ein butikk.
Der var det ei koseleg dama som snakka dansk, 
og ho kom med tips og anbefalinger, det liker eg!


Eg måtte prøva meg på dette lopigarnet. 
Det er ikkje tvinna, så dama sa eg måtte strikka det samen med ein tråd Einband,
det er eit tynt ullgarn,
pluss at det måtte tvinnast litt. Tru om eg får det til?



Dette var det eg kom heim med. Arezzo er ein blanding av lin, bomull og bambus.
Det er vel ikkje typisk Islandsk, men eg ville ha eit garn som ikkje var for varmt.
Då tipsa ho om Arezzo lin, det skal eg strikka ein jakke til meg av.
Elles er det nokre nøster Lettlopi, rein ull og Autumn Wind,
 bomull med litt cashmere, deileg og mjukt.


Og så fant eg knit pro sine pinnar, og der hadde dei korte pinnar til 
til å sette på kabel! Det har eg savna.
Når eg strikker på små plagg, blir ofte pinnane for lange synes eg.
Angrer i grunnen på at eg ikkje kjøpte fleire...
Men det var knapt med tid, så det gjekk med fart!



Mange flotte mønstrar på strikkeplagga.


*

Naturen på Island er veldig spesiell, øya består mest av lava.
Det var ikkje mykje som var dyrka i det området me var,
og det var lite grønt så tidleg på våren.
I det fine været me fekk var det fantastisk flott!



Thingvellir, det gamle tinghuset.

Geysiren klar for å sprute opp...

Der kom den, ca 30 meter opp i lufta!


Mektige Gullfoss!

Kjempekjekk tur!







mandag 12. mai 2014

Sang og strikkeglede :)


Denne videoen var flott å høyra og sjå på.
Synes det passa godt etter turen til Island, mange flotte strikkeplagg
flott natur og fin musikk!

mandag 5. mai 2014

Hønsestrikk Genser

I garnlageret mitt har det hopa seg opp med rester av diverse alpakkagarn.
Det var i mange fargar, og då passa det godt å prøva hønsestrikk.
Eg hadde ikkje oppskrift, og det straffa seg.
Tenkte først ein størrelse ca 6 år, men den førstre blei alt for liten.
Etter første mønsteret rekte eg opp og la opp på ny,
men då tok eg godt i, den er nok 7-8 år i størrelen.
Tenkte det var betre med for stor eller for liten,
gadd i alle fall ikkje rekka opp igjen!
Men eg har strikka genseren ca 1,5 gang,
ikkje alle mønster og fargekombinasjon eg blei fornøgd med.
Veit ikkje om bæresykket blei så bra heller, 
men nå blir det ikkje rekt opp fleire ganger!




Alle mønstra har eg funne i boka Høsestrikk til folket.
Dei fleste figurane var store, så eg har laga sauene og vannkannene mindre.



Div. alpakkagarn, 293 gr
pinne 3 og 3,5
Eg har ennå masse garn igjen, og eg er i gang med ein genser til.
Men det blir ikkje hønsestrikk denne gang ;)

Ha ei fin og kreativ veka :)