torsdag 14. juli 2016

2 x Baby-Rumper og Sokker

For tida blir det mykje babystrikk.
Eg skal bli mormor til høsten og 
eg kjenner ei som skal bli mor for første gang.
Dei liker strikka klær, og det er eg glad for,
det er kjekt å strikka til dei små.
Nå har eg strikka to rumper (rart navn på fine plagg),
ein til kvar av dei, og begge får guttar.
Dei har ikkje fått knappar ennå.  
Den eine er lys, lys blå, ikkje så grå som på bilde, str 2-4 mnd.
Denne er ikkje vaska og blokka. Den blå er 3-6 mnd.
Nå har eg eit teppe på pinnane.





DSA tynn alpakka, 67 gr
Sandnes Babyull Lanett, 90gr
Pinne 2,5 og 3

*

Innimellom blir det sokkestrikk, må fornya sokkegarderoben til maen.
Han sliter veldig på sokkane og nå var 
det hull og stopping på nesten alle han hadde.
Han bruker strikkasokkar året rundt.
Fant noko restegarn, greit å få bruka opp det og.


Desse er i garnet Online Supersocke med aloe vera & jojoba.
Det er 150 gr i nøste og eg har nok til eit par til.
Eg bruka Silja i hælen slik at stripene blei jevne i sokken.


Rester av sokkegarn, 228 gr
Online Supersocke, 83 gr
Pinne 3,5





mandag 4. juli 2016

Hentesett på ferie og strikketreff.

Ferien har starta og me har vore på tur.
Først reiste me til Trondheim, der skulle eg på strikketreff.
Men først hadde me eit stopp på Løkken Verk,
der det er ein kjempekoseleg garnbutikk med mykje spennande garn,
Fortuna har fleire sorter garn som eg ikkje får tak i her i distriktet.
Dei har nettbutikk og, anbefaler å ta ein titt.
Eg kom ut med ein stor bærepose ;)



Strikketreffet var topp! 
Tenk å vera i lag med så kjekke damer og bare strikka ei heil helg, herleg!
Me var 9 damer i samen den helga, og det blei mykje
strikking, prating, konkurranse, latter og skoi!!
Været var ikkje så bra, men med god fyr i ognen hadde me det fint.
Ein tur til Oddrun's Atelier hadde me og. 
Ho har mohairgeiter og selde ull og garn som ho fekk spunne på Telespinn.
Malte flotte bilder gjorde ho og.
Det blei eit par hespler garn med derfra og!






Etterpå var me på eit bruktutsalg.
Der fann eg ei brodert brikke som var sydd med neversøm.
Det har eg aldri hørt om eller sett før.



Turen gjekk videre til Sverige, og me gjekk ein tur i Østersund.
Kva trur dokke det første som dukka opp var?
Jo, nemleg ein garnbutikk!! 
Dama spaserte ut med ein pose garn derifra og...
Nå må det vera slutt med å handla garn ei stund, trur eg...  
Men det ligg mange gode minner i dei nøstene som er blitt med heim.



*

Strikketøyet var med på turen, det tar aldri ferie ;)
Eg er så heldig som skal bli mormor igjen, og eg har strikka hentesett.
Mammaen har valgt settet fra klompelompe boka.
Det mangler knapper ennå, men settet skal snart leverast.



Mønster, Klompelompe
Garn, Sandnes tynn merinoull, 225 gr
Pinne 2,5 og 3


Nå er me klar for hyttetur, blir godt det og.

Sender ein klem til dokke som var på strikketreffet og som er innom her.
Håper me treffes snart igjen!

Fortsatt god sommar!






onsdag 8. juni 2016

Barnegenser

I lageret mitt har eg mange enkle hespler med garn.
I ein ferdig pakka garntilbud fra Hifa var det nokre hespler i farger eg ikkje er så glad i.
Har lenge tenkt på kva eg skulle nytta dei til,
og nå har eg strikka ein barnegenser i 7-8 år. Det blir ein basargevinst eller til julemessa.
Eg må nok strikka fleire, for det minka ikkje så veldig, det er eit drygt garn.
Fargene er mest rett på det øverste bilde



Me har så herleg sommarvær her for tida, og det nermer seg raskt ferie.
Eg har vaska og gjort klar campingvogna, så nå kjem reiselysten!
Eg hadde bruk for eit par grytekluter i vogna.
Desse er favoritten her i huset, tjukke og gode, og eg lager dei avlange.
Synes det er mest praktisk.



Me skal reise nordover i sommer og det første eg skal er på strikketreff.
Det gleder eg meg veldig til, blir kjekt å treffa likesinna strikkedamer!


Tusen takk for du legg igjen ein kommentar, veldig kjekt!

Ønsker alle ein god sommer!


*



Mønster, Drops Barnegenser av Jolie Fleur
Garn, Hifa Ask, 252 gr
Pinne 3 og 3,5

Bommull Sport, 137 gr
Pinne 3,5



tirsdag 31. mai 2016

Zuzu's Petals - Hals

I garnlageret mitt har det ligge 2 nøster til modning
og venta på det rette prosjektet. (Ilag med mange nøster til)
Det var ei gåve eg fekk då eg hadde besøk av nokre strikkevenner.
Det er BC garn, Sarah Tweed, blanding av morbærsilke, bourettsilke og ull.
Eg har lenge tenkt på denne halsen og det var midt i blinken for dette garnet.
Halsen blei mjuk, herleg og varm.



Eg lika den så godt at det blei ein til i same slengen.
Denne halsen er i eit bomullsgarn med litt cashmere i,
så den kan eg bruka på sommaren og.
Fargen er lilla og gråmelert.



Men eg har ennå eit nøste igjen av kvar, så kva skal eg strikka av det?
Kanskje pulsvarmere, det får eg tenka på.


Mønster, Zuzu's Petals av Carina Spencer
Garn, Sarah Tweed, Bc garn, 44 gr
Garn, Autumn Wind, Lotus yarns, 46 gr
Pinne nr 4





mandag 23. mai 2016

Mayapple Sjal

Sjalet har vore ferdig eit par veker nå,
men det blei ikkje tatt bilder av det før det skulle pakkast inn og givast bort.
Ei tante blir 75 år, og ho likte veldig godt Hoolbrook sjalet mitt,
eg veit ho ønska seg eit.
Det sjalet har eg strikka 4 stk av, så det frista ikkje med eit til,
men eg fann dette Mayapple sjalet med same fasong, bare eit anna mønster.
Det er same designer som har laga dei to sjala, Dee O'Keefe.
Eg likte vel så godt å strikka dette.
Mønstera kan kjøpast på Ravelry.
Tante fekk det i helga og ho var veldig fornøgd med det.








Mønster, Mayapple Shawl av Dee O'Keefe
Garn, Merilla, Svarta Fåret, 44 gr
Pinne 3,5




lørdag 21. mai 2016

Kjole til Storesøster

Eg fekk eit ønske fra barnebarnet om ein ny kjole.
Ho fekk ein for tre år sia, og nå var den for liten.
Det kom ein snap der ho spurde om ho kunne få ein prikk lik bare gul, takk!
Klart mormor hiv seg rundt med strikkepinnane då!
Ein solgul kjole i str. 6-7 år.
Garnet er Bjørk, blanding av bomull og merino, mjukt og godt.


Mønster: Viking Design
Garn, Viking Bjørk, 208 gr
Pinne 2,5 og 3

Mønster: www.stickatillbarbie.se
Mandarin petit, 31 gr
pinne 2,5

*


Lillesøster måtte og få kjole, men det blei ein liten til barbiedokka.


Bildene blei tatt i full fart før kjolane skulle sendas avgårde,
det blei ikkje verdens beste bilder.


*

God helg!

mandag 2. mai 2016

Grand Coquelicot Jakke - ENDELIG

Denne jakken har vore dryg å strikka!! Fleire ting har gjort at det har gått tregt. 
Garnet var ikkje det beste å strikka med, det var veldig laust spunne og hadde lett for å dela seg.
Jakken er strikka ovenfra og ned, og første forsøk fekk eg den for stor over armane.
Etter å ha rekt opp igjen og starta på ny, så løsna kabelen fra pinnen og maskene for av.
Sukk og stønn!! Eg fekk limt den på igjen og plukka opp maskene.
Då gjekk det lenge greit å strikka, men fann fort ut at eg hadde for lite garn.
Garnet hadde eg kjøpt på Island for to år sia, så det var ikkje lett å få tak i.
Eg tok kontakt med produsenten, Hjertegarn i Danmark,
og dei var så greie å senda meg dei to nøstene eg mangla.
Ikke nok med det, men eg fekk dei gratis!!
Det var ingen rekning i pakken, så eg sende ein mail å spurde kva eg skulle bestala.
Nei, det var ein liten gave fra dei, fekk eg til svar, fantastisk!!
Det blei ein overraskande flott avslutning på jakken i alle fall :)
Og eg blei godt fornøgd med resultatet.





Eg er litt i tvil om eg skal ha dei blanke knappane 
eller om eg skal gå for blå, meir anonyme knappar.
Kva synes du?


Mønster: Grand Coquelicot av Hel Et Zel
Garn: Arezzo lin, 425 gr
Pinne 3 og 3,5