Endeleg er det blitt eit Vertices Unite Sjal på meg,
det har eg lenge hatt lyst til å strikka.
Eg har satt samen diverse garnskatter og farger,
og eg blei godt fornøgd med resultatet.
Sjalet var kjekt å strikka.
*
I det siste har eg strikka mykje til veldedighet
og fått brukt opp ein del av dei enkle nøstene som bare ligg der og tar plass.
Det er kjekt å få nytta det til noko fornuftig.
Først var det til Amandaprosjektet der eg strikka teppe og huer.
Etter sist innlegg om dette har eg strikka 2 diamant-teppe.
Dei er til dei aller minste for tidleg fødte.
4 huer og eit par sokkar til har det og blitt.
Nå var det fulle lager på SUS, så det blir pause i Amanda-strikk.
Men på kreftavdelingen hadde dei tomt for huer, så då strikka eg for fullt før påske.
Eg fekk levert 10 huer i forskjellige størrelser til voksne.
*
Eg fekk bestilling på ein vest til ein liten gutt.
Oppskrifta fann eg på Drops, den heiter Vest is Best,
og eg strikka den i blått Bamboo garn.
Eg liker ikkje at det blir for tett i halsen, så eg laga den litt meir utringa.
Denne skal eg strikka fleire av.
Alldeles, flotte arbeid!!! Hyggelig kommentar fra deg til meg, har bare ikke fått til å modere svaret inn iblogg. Du er kjempesnill som gir så mye til veldedighet! Imponert over slle luene du har strikka
SvarSlettTusen takk for fine ord😊
SlettÅh guri malla, her var det mye flott altså :) flinke du! OG snille du, varmer mangt et hjerte :)
SvarSlettTakk, det er sååå godt å få brukt opp restegarn😊
SvarSlettSkal si at du har vært effektiv. Supert å få benyttet alt restegarn man har liggende
SvarSlettTakk🙂 Det er herleg når restegarnet minker!
Slett