Det er kanskje på tide å blogga om mysteriestrikken eg var med på i advent.
Gro Tveitstøl, i podcasten "Bare en Maske til", designa eit sjal som dei hadde samstrikk på.
Me fekk litt av mønsteret kvar tredje dag i desember,
og lille julafta strikka eg det ferdig. Garnet er rein merino og eg farga det sjølv.
Det er spettet med lys grå og litt rosa.
*
Eg fekk bestilling på sokkar av ei ung dame.
Eg strikka eit enkelt mønster, Thuja, til henne,
og dei lika ho så godt at ho ville ha to par til.
*
Eit teppe til Amandaprosjektet har eg og fått ferdig.
Hadde 3 farger, Lys brun, mintgrønn og lys blå, i Baby merino som blei bra saman.
Hekla ein kant med krepsemasker rundt for å skjula trådspranget i eine sida.
Det var samstrikk på dette prosjektet på to podcaster som eg deltok i,
og tenk, eg vann på begge!
På den ene vann eg ein fin stikkepose og på den andre fekk eg 4 strikkemarkører.
Snakk om å vera heldig!
Så pene strømper og sjal du har laget, flinke du 😊 artig å vinne, fine kjekke tilbehør til ei strikkedame 🥰
SvarSlettJa, rilleteppet så jeg også, du strikker så jevnt og pent altså 🙂🧶 fortsatt god helg, nyt
SvarSlettTusen takk for fine ord😊 God helg til deg og!
SlettLekre strikkearbeid!
SvarSlett