onsdag 11. november 2020

Oslogenser og Retrojakke

 Då var det på tide med ei oppdatering, eg ligg etter med blogging.
Eg har hatt ein pose med Sterk garn liggande i fleire år, så nå var det på tide å få brukt det.
Det har ikkje blitt mykje strikk til mannen min, foruten sokkar då, så nå var det på tide!
Fant ei oppskrift som passa til garnet, Oslogenser, i heftet Norske ikoner fra Sandnesgarn.
Den er i to farger, men eg tok med litt av ein mørk blå, synes det friska opp.



*
Eldste dattera hadde strikka bolen til Retrojakken, så blei den liggande.
Då tilbaud eg meg å strikka den ferdig.
Ho er veldig flink med farger, og denne jakken var kjekk å strikka og blei kjempefin.
Knappane er kome på seinare, dei blei gule.
Stripene er i mørk lilla.


*
Barnebarnet som ønska seg hua, hadde bruk for nye votter og.
Eg fann ei gratis oppskrift på Ravelry, Sydanmaa Mittens. 
Dei var veldig gode på fasong, likte godt tommelkilen.
Kjem til å strikka fleire av desse, og mønsteret passa godt til hua.
Strikka dei i ein tråd Merino og ein tråd Silk Mohair på pinne 3,5.
Ho har snart bursdag, så dette blir ein del av presangen.





Eit par Cloudburst til har eg og strikka.
Desse skal ei datter få.




Eg har meir som er ferdig strikka, men det får koma neste gang.



              



2 kommentarer:

  1. Den genseren vil han J kle godt! Stilig Retrojakka, du gjorde ferdig. Kan jo ikkje bli liggande på pinnane så fin ei jakke!! Du tryller fram luer og votter i dei lekrasta mønstre. Fryd å sjå i bloggen din!

    SvarSlett