mandag 30. mars 2020

Jakke, to Sjal og Sokker

Då var det tid for ein oppdatering igjen.
Det går i grått om dagen.
Eg fekk bestilling på ein enkel jakke av same dama eg strikka kofte til.
For at det skulle vera litt kjekkare å strikka, 
foreslo eg å ha falske fletter langs knappestolpane.
Det fungerte godt, det pynta opp jakken.
Nå håper eg mottager blir fornøgd og at den passer.




*

Ei venninne hadde bursdag nå i mars og eg strikka sjal til henne.
Har visst dilla på sjal!! Men det er kjekt å stirkka.
Dette var nytt for meg, det heiter Close To You, og det ligg gratis på Ravelry.





Eg har mangla eit sjal i grått til meg sjølv.
Det har vore samstrikk på Lysning sjalet av Skeindeer Knit,
det er ei norsk designer som bur i London.
Samstrikken er på Podcasten, Strikk på landet Hansgarden.
Eg heiv meg på der og farga opp eit merinogarn til sjalet.
Synes det blei litt kort, men etter blokking blei det brukande.



*

Det er mange samstrikk for tida, og på Brit Strikkenerd sin podcast
er det sokkestrikk av tjukke raggsokker, eit mønster i måneden.
 Eg er ikkje med kvar mnd, men mars-sokken likte eg,
Sokkane er designa av Bitta Mikkelborg, finnes og gratis på Ravelry og heiter Just Perfectly.
Desse skal gubben få, og desse er i blått!


*

Det nermer seg påske og i desse koronatider må det bli heimepåske.
Men me får kosa oss på tur i skogen, me er heldige som bur på landsbygda.
Lag dokke ein god påske!





3 kommentarer:

  1. Grått går til alt! Nydeleg jakke du har spøta! Også sjala! Trist detta med hyttene, men dåke får kansje nytta hytta ekstra godt når faren over!?! Blir nok satt ekstra pris på ferieparadis då!

    SvarSlett
  2. Så vakkert alt du lager Wenche, sjalet; sukk!! Nydelig, og jakken er bare så lekker :) så pent håndarbeid. Sammen her, hytten får jeg glede meg til i sommer, definitivt. Håper det er bra med deg og dine, klem til deg, og som alltid, kjekt å titte innom siden din :)

    SvarSlett
  3. Du verden! Så nydelige arbeider, Wenche!
    Ser du er med på litt samstrikk her og der...
    Siden vi har mye hjemmetid nå, har jeg faktisk rukket å "bli kjent med" en del podcaster, jeg også. Men samstrikk har det ikke blitt ;)

    SvarSlett