Jorid Linvik hadde ein mysteriestikk på Facebook.
Den frista det å vera med på, det var lenge sidan sist.
Og det angra eg ikkje på, tykkjer vottane blei fine.
Dei heiter Snø, og mønsteret ligg på gruppa hennar, Jorid Linvik design.
Ho er så raus og deler det gratis, trur du finn det ennå om du er interressert.
Eg har strikka dei i Ask med pinne 3.
*
Eg fekk bestilling på 2 par tova votter til menn.
Dei er strikka i Tove med pinne 5, synes det tover seg fint og dei blir passe tjukke.
Sokkestrikk er greit innimellom andre prosjekt.
Mens eg venta på garn til ei kofte eg skal strikka, blei det eit par restesokkar til maen.
Ønsker dykk alle ei fin adventstid!
Finfine vottar hu Jorid har designa. Ja, dei du har strikka og tova og, samt gode sokkar. Du må kose deg i juletida! Ha riktig God Jul med dine!
SvarSlett