tirsdag 29. oktober 2019

Ka'ana Sjal og Huer

Dette sjalet har vore ferdig ei stund.
Eg har faktisk strikka eit sjal til, men det er ikkje vaska og blokka ennå,
så det får venta til neste blogg.
Ka'ana sjalet har eg strikka fleire av, det er enkelt og lett å strikka.
Eg liker størrelse og fasong på det, greit å bruka som skjerf.
Det er strikka i tynt lammeull som eg har farga, med pinne nr. 3,75.
Eg skal ha det med som modell når eg er på messer med det handfarga garnet mitt.



*
Eg jobber litt til ei julemesse til som forreninga vår er med på.
Har hatt nokre nøster Balder liggande i lageret mitt,
eit tjukt og mjukt ullgarn.
Det har blitt 4 huer til denne tid, dei er raske å strikka på pinne 7 og 8.
Den hua med lys grå dusk fann eg oppskrift på hjå Drops,
dei andre strikka eg mønster etter eige hode.







1 kommentar:

  1. Som honning, sjalet ditt - fargen!! Lekkert er det i alle fall. Luene er stilige. Kikka på forrige blogg også. Vottar og sokkar i skjønn haustleg forening!

    SvarSlett