onsdag 3. januar 2018

Frozen Mystery Shawl

Frozen sjalet er eit mysteriestrikk i ei gruppe på Ravelry,
og der har eg deltatt. Det kom ut i fire deler i adventstida og det har vore julestrikket mitt.
Eg har brukt grått lammeull som eg har farga og Heritage Wave i stripene.
Blei godt fornøgd med resultatet der stripene er gradert fra lyst til mørkt.
Frozen er designa av Lill-Iren Olaisen,  Nordic Stiches på Ravelry og 
har ein podcast med same navn.
Ho er ei ung, norsk dame, bur nord i landet og prater om livet der nord 
og om strikking, det er kjekt å følga henne, anbefales!




Frozen Sjal, Nordic Stiches
Lammeull og Heritage, 148 gr
Pinne 3,5
*

Ja, då var me godt i gang med 2018, utruleg så fort eit år går!
Eg har rekna samen kor mange kg garn eg har strikka i 2017.
Har strikka mykje i tynt og lett garn og det er noko mindre på vekta enn åra før, 
7,830 kg.
Det er i alle fall blitt 75 plagg til samen med smått og stort.


Så får me håpa at 2018 blir eit produktiv, innhaldsrikt og godt år for oss alle.
Godt Nytt År!





3 kommentarer:

  1. Så flott sjal! Ønsker deg et riktig Godt Nyttår og Happy Knitting!

    SvarSlett
  2. Nok et flott og nydelig sjal fra deg :) du er bare helt unik du Wenche, så flink... Godt nytt år til deg, klem fra trøndelag

    SvarSlett
  3. Riktig godt nytt år, kjære Wenche! Eit lekkert sjal du har strikka deg, nydelige fargar på garnet, både det du har farga og det andre. Ja vi får håpe på eit godt og produktivt år der vi held oss friske og raske. Klem!!!!!!

    SvarSlett