lørdag 9. desember 2017

Småplukk

Det er ikkje ofta det blir blogg for tida,
det er travle tider med juleforberedelser og julemesser.
Messene er heldigvis over for denne gang, så nå er det fokus på jul.
Denne veka har eg baka meg ferdig med både gjærbakst og småkaker.
Det blir ikkje 7 sorter her i huset, men litt må me ha.
Kakene er i grunnen best nå i adventstida.
I dag har eg laga godt julepålegg som er fast tradisjon hjå oss.
Sylteflesk (sylterull) må me ha og oksetunga er og kokt.
Nå mangler eg bare kjøttrullen.



*

På handarbeidsfronten går det i babystrikk.
Eg har strikka votter til barnebarna, og prøvd å strikka i lammeull som eg har farga.
Tre par til ein eittåring strikka eg i dobbel tynn lammeull og dei tova akkurat passe.
Så laga eg to par i str. 6-9 år i tjukkare lammeull, men dei tova så mykje meir
at dei blei passe til 1-åringen dei og! Merkeleg, eg vaska dei på same programmet.



Det var nok av det gule garnet til ei hua og, ennå er det eit lite nøste igjen av 100 gr,
 lammeull er eit veldig drygt garn og det blir lette, mjuke plagg.



Tova votter, 83 gr
Hua, 40 gr



Eg har ferdig nokre plagg til, men det mangler knappar så det får vente til neste blogg.


Ønsker dokke alle ei fortsatt god adventstid!




1 kommentar:

  1. Så fine ting du har strikka. Det var ei som sa at toving er ein risikosport med ukjent resultat, og det er vel vottene dine eit eksempel på. Er helsing den som får så mange gode votter! Flittig med juleførebuingane er du og. Blir imponert eg.

    SvarSlett