fredag 31. mars 2017

Mia og Mio Genser

Aldri så galt at det ikkje er godt for noko, heiter det.
Sidan lørdag har eg sete med vond rygg,
og det har vore positivt for strikketøyet.
Fredag la eg opp til ein genser i str 4 år, og i går felde eg den av.
Den skal vera modell til utstilling i ein butikk.

Du store Alpakka har komme ut med eit nytt hefte, Baby og Barn 0 mnd - 4 år,
DSA47.  Denne genseren er ein av modellane. 
Eg synes den er fin og det blir sikkert fleire, var grei å strikka.
(når eg bare fann ut av fellinga på diagrammet)







Mønster, Mia og Mio Genser DSA 47
Sterk garn, 216 gr
Pinne 3 og 3,5


Eg har og montert ein dåpskjole + hua for ei venninne,
sydd i armene, strikka på kragen, hekla ein kant og festa ALLE tråder!
Det blei ikkje bilder av kjolen.

Slike dagar er det godt å ha handarbeid å jobba med.





3 kommentarer:

  1. Så kjedeleg å høyre at ryggen din trøfler, ønskjer deg rask og god betring.
    Flott genser du har strikka, nydelige fargar.

    SvarSlett
  2. God bedring og den genseren var bare nydelig !

    SvarSlett
  3. Så flott genser -- og heilt sikkert topp arbeid du gjorde med dåpskjolen! Men, vond rygg er ikkje noko kjekt! Du må ha riktig god bedring og god helg til deg!

    SvarSlett