torsdag 13. oktober 2016

Halloween-hua

I grunnen er eg ikkje glad i Halloween, men noko påvirka blir me,
og denne hua synes eg hadde rette fargane.
Det orange har eg farga sjølv, la heile nøste ned i fargeblandinga
uten å laga hespe fyrst. Det gjekk fint, blei gradvis lysere innover nøste.
Spennande å sjå koss det blir når ein strikker garnet,
blir meir liv i handfarga garn.
Denne hua går til julemessa.



Eg er visst blitt beten av fargebasillen! Det er så spennande å sjå kossen garnet blir!
Problemet er bare at eg får for mykje garn.... greier ikkje strikka opp alt...
Har du lyst til å prøva eit nøste eller to, ta kontakt.
Fargane blir ikkje så bra på bilder, På den lyse hespen er
 det mykje meir spettete farger enn det som synes.



Det nøste som er vunne opp her, er det eg strikka hua av.
Dei andre to har eg ennå, og det lyse er meir spettete inn det viser.


Her er det to hesper som er lys beige, farga med lav eg henta på berget ved sjøen.
Dei og er for lyse på bildet.
Dei andre er farga med konditorfarge.
Alle hesper er 100 gr Opal garn. 
Det er ull som er forsterka med nylon, så det kan brukast til sokkar og.


Det er blitt litt meir til julemesse-korga og.
Til desse pulvarmerane er det perfekt å bruka restegarn.
Eg har så altfor mange enkle nøster liggande, vil prøva å bruka mest muleg av dei.


Vestland-Perfect garn, 73 gr
pinne 3,5

Div. alpakkagarn, 116 gr
pinne 3

3 kommentarer:

  1. Lua var herleg fin! Skjøner godt problemet med farging og tida å strikka opp. Nydelege fargar du har fått i garnet. Skulle gjerne tatt imot, men er redd eg vil ruge for lenge på garnet. For lageret skal krympes her med. Men, eit raust forslag du har i bloggen din!

    SvarSlett
  2. Så flittig du er, både med strikking og farging. Ja, det er spennande å farge garn sjølv, og kjekt å sjå korleis det vert i strikk.

    Fine pulsvantar og hue, dei får nok bein å gå på når julemessa startar.

    SvarSlett
  3. Hvor flink du er Wenche - den fargingen din er helt nydelig, så nydelige farver, og den lua var jo bare så flott da :) litt lyst å prøv dette med farging jeg også - men tørs liksom ikke, kanskje redd det blir helt "snålt"? Men ja, krymper garnlager her jeg også :) ønsker deg fine dager - kos deg masse

    SvarSlett