tirsdag 9. august 2016

Garnfarging - ein ny hobby?

Eg har igrunnen ikkje vore frista til å prøva å farga garn.
Men eg liker veldig godt spettet og fleirfarga garn,
og det er ikkje lett å få tak i her i landet.
Har sett på nett alt det fine garnet dei lager i andre land, 
men det blir veldig dyrt.
Då blei det til at eg satte i gang likevel, og det gav meirsmak!
I første forsøk bruka eg karry, og det blei ein fin gul farge.
Eg hadde eit nøste rein ull og eit merinoull i same vatnet,
men dei blei ikkje like i fargen. Merinoull tok mest farge og blei sterkar gul.
Den andre blandinga var paprikapulver og litt blåbær,
det garnet blei brunt. Ein hespel blei farga med litt av kvar fargeblanding.








  Eg prøde meg på spettet og fleirfarga garn og, der bruka eg konditorfarge.



Resultaet var ikkje så verst til å vera første forsøk.
Det blir spennande å strikka med garnet og sjå korleis det blir
og kor godt fargen held.


*

Eg har spandert på meg to hespler fra Hedgehog Fibre, eit nydeleg garn.
Tenk å få til noko slik...


Det er ei norsk dame som farger både garn og ull.
Ho kaller seg Tante Ull og har nettbutikk, ho skriv blogg og.
Det ligg link til bloggen hennar til venstre her.
Denne hespel kjøpte eg av henne, flott farge.



I dag prøver eg plantefarging med lav fra tre, spennande....



3 kommentarer:

  1. Whow det må ei sei!! Spennande fargar du har fått til. Gøy å lesa!

    SvarSlett
  2. Ein spennande blogg med garn i flotte fargar. Imponert over kva du får til! Blir spennande å sjå om du held fram. Ønskjer deg lukke til :)

    SvarSlett
  3. Ååååå!!! Så lekre farger du har tryllet fram!

    SvarSlett