tirsdag 16. februar 2016

Skal - skal ikkje...

Det går ikkje fort med strikkeprosjektet mitt for tida, eg er rett og slett gått lei!
Det er ein herregenser på pinnane mine nå,
skal bli gevinst på basaren vår etter påske.
Hadde lyst å strikka raglanfelling, 
men er ikkje sikker på om det vil stemma i halsen når eg ikkje har oppskrift.
Fant ei oppskrift på Drops, men der var det fleire masker på armane enn eg har, hmmm...


Merkeleg med fargane, den er mørk blå, ikkje grå.


Eg måtte ha litt pause, så det blei to par tova votter til eit barnebarn
som ønska seg nye. Dei han hadde var for små.


Garn, Safir, 100 gr
Pinne nr 5

I går måtte eg finna på noko anna og la opp til ein lapp i eit Vivid-teppe.
Det har eg lenge hatt lyst til å strikka og endeleg har eg begynt.
Strikker det i Kauni garn.


I sist veke fekk eg ein bukett nydelege roser, vil dela den med dokke.




2 kommentarer:

  1. kjedeleg med rekning og masker som ikkje går opp. Kan det være ein ide å felle kvar tredje omg.??? Kansje i byrjinga i alle fall. For at fellinga ikkje blir for stutt og du får for lite til hals. På eit så stort arbeid, så er det leit å rekke opp og. Fine og gode votter du har spøta. Det er veldig greit med slikt arbeid. Genseren kjem til å bli kjempefin og stilig. Imponert at du vil lodde den bort!! Rosene er nydelege!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for gode råd! Eg trur eg gjer som du seier i starten, fann ei gammal oppskrift som og seier det. Det er mykje arbeid med så stor genser, så eg har ikkje lyst til å rekka opp igjen! Eg chatta med Åshild i går og ho meinte det skulle gå fint. Så nå set eg i gang. Takk for svar, Linda!

      Slett